Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod

Informasjon om 2. framandspråk

Undervisning i eit andre framandspråk, ved sidan av engelsk, er obligatorisk på alle studieførebuande utdanningsprogram. Her på Firda tilbyr vi fransk, spansk og tysk som andre framandspråk. Avhengig av kva du hadde av, framandspråk på ungdomsskulen gjeld følgjande:

Viss du hadde 2. framandspråk på ungdomsskulen – og her tel IKKJE engelsk fordjuping – kan du anten halde fram med det ”gamle” språket ditt på nivå II (spansk el. tysk); eller du kan begynne på eit nytt språk på nivå I. Uansett kva val du gjer, har du språket i to år (4 + 4 timar).

  • Viss du ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen, har du spansk (nivå I og II) i tre år på Firda; 4 timar på vg1 og vg2, 5 timar på vg3.

Du kan altså ikkje velje å begynne på nytt med det same framandspråket som du hadde på ungdomskulen. Vær også merksam på at du heller ikkje har krav på å fortsette med det framandspråket som du hadde på ungdomskulen om skolen din ikkje tilbyr det. På Firda tilbyr vi normalt, ut ifrå elevane sine behov, Spansk på nivå I og II, Fransk på nivå I og Tysk på nivå II.

Tips ein ven Skriv ut