Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Bibliotek
Bibliotekarane på Gloppen bibliotek hjelper deg med lesetips

Spør oss om lesetips og informasjon til skulearbeidet (Foto: Firda vgs)

Velkommen til skulebiblioteket

Gloppen Folkebibliotek ligg i Trivselshagen, rett ved siden av kantina. Her kan du låne pensumbøker, i tillegg til masse spennande skjønn- og faglittteratur.

Skulebiblioteket er 600m2 stort og sentralt plassert i 2. etasje i Trivselshagen, like ved kantina.

Her kan du nyte utsikta til fjell og fjord frå den grøne sofaen eller frå studierommet - eller lytte til musikk i den raude lyttestolen. I biblioteket finn du mengder av skjønnlitteratur og faglitteratur, studierom, to grupperom, 3 PCar, søkePC, utlånsPC og kopimaskin/scanner. Biblioteket er også folkebibliotek, så her møter du folk i alle aldrar.Dagens boktips frå biblioteket.jpg

Lån 

Du kan låne alt du ser i biblioteket – 31000 bøker, 1500 filmar, 1500 lydbøker, 50 tidsskrift. Du kan lese 12 aviser i aviskroken i foajéen. Bøker, lydbøker og filmar du ikkje finn i biblioteket sin database, kan du be om at vi skaffar til deg. Lånetid er normalt fire veker for bøker/lydbøker og ei veke for filmar. Ordbøker er tilgjengelege for dagslån.

Lånekortet ditt kan også brukast til sjølvbetjent utlån. Dersom du oppgraderer til nasjonalt lånekort (gratis), kan du bruke kortet i alle bibliotek i landet. Du kan låne overalt, og levere inn der det passar best for deg.På biblioteket finn du masse interessant litteratur.jpg
 

E-bøker  

Last ned app’en eBokBib, og lån e-bøker gratis. Det er enklast å bruke eBokBib med nasjonalt lånekort, så stikk innom og oppgrader lånekortet ditt.

Opningstid

Måndag og fredag 10-15
Tysdag, onsdag og torsdag 10-18
Laurdag 11-14

Kontakt oss

Telefon: 400 33 721
E-post: bibliotek@gloppen.kommune.no

Torill Berge (biblioteksjef)
Ann-Kristin Vik Fløtre (bibliotekar)
Ann-Kristin Hovstad (bibliotekar) 
Inger Anne Skeistrand (filialstyrar)

Tips ein ven Skriv ut