Du som vel dans, bør i utgangspunktet ha evner og anlegg for utdanningsprogrammet. Programområdet stiller krav til dugleik innan dans, du bør vere uthaldande, og ha vilje til øving. Opplæringa stiller store krav til kunstnarlege evner og i tillegg må du kunne meistre krevjande teoretiske fag. Det er ein fordel om du tidlegare har delteke i ei dansegruppe eller drive med dans generelt. Danselinja passar for deg som kan tenkje deg å utforske dans som meir enn ein hobby, vil ta ei høgare utdanning innan dans og etter endt utdanning kan tenkje deg å arbeide vidare med dans, anten som pedagog, utøvar eller koreograf.
På danselinja vil du få desse faga:
|
Fag
|
VG1
|
VG2
|
VG3
|
|
Felles allmenne fag
|
23
|
18
|
13
|
|
Norsk
|
4
|
4
|
6
|
|
Engelsk
|
5
|
|
|
|
Matematikk
|
5
|
3
|
|
|
Naturfag
|
5
|
|
|
|
Framandspråk
|
4
|
4
|
|
|
Samfunnsfag
|
|
3
|
|
|
Geografi
|
|
2
|
|
|
Historie
|
|
2
|
4
|
|
Religion/etikk
|
|
|
3
|
|
Programfag
|
12
|
17
|
22
|
|
Musikk, dans og drama
|
5
|
|
|
|
Rørsle
|
2
|
|
|
|
Danseteknikkar
|
5
|
|
|
|
Dans i perspektiv
|
|
5
|
|
|
Scenisk dans 1: Klassisk, moderne/samtidsdans og jazz
|
|
10
|
|
|
Grunntrening dans 1
|
|
2
|
|
|
Dans i perspektiv 2: Dans, estetikk&samfunn, koreografi og komposisjon
|
|
|
5
|
|
Scenisk dans 2&3: Klassisk, moderne/samtidsdans og jazz
|
|
|
15
|
|
Grunntrening dans 2
|
|
|
2
|
|
Sum timar pr. veke
|
35
|
35
|
35
|
På Firda vil du treffe desse lærarane på danselinja:
 |
har si utdanning frå Den Norske Balletthøgskulen og Universitetet i Oslo. Ho har vore tilsett ved Frida sidan danselinja vart etablert i 2004 og underviser hovudsakleg i moderne/santidsdans samt koreografiog komposisjon.
|
 |
har utdanninga si frå Paris og Roma. Ho har arbeidd som utøvande dansar i 20 år. Underviser i klassisk ballett og moderne dans samt koreograferer på elevane for ulike oppsetningar for skulen.
|
 |
har ein bachelor i dans og pedagogikk frå Universitetet i Stavanger, og underviser primært i jazz.
|
 |
har undervist ved 1. klasse Musikk, dans og drama i dans i xx år og underviser 1.klasse Drama og Musikk i rørsle.
|
Sjølv om danselinja på Firda ikkje er gamal har det lenge eksistert interesse for dans både blant lærarar og elevar på skulen, og fleire elevar frå Firda har valgt å gå vidare med dans, og utdanna seg og arbeider innan feltet. Tidlegare elevar har m.a. gått på:
- Kunsthøgskolen i Oslo
- Høgskolen i Bodø
- Høgskolen i Stavanger
- Den Norske Balletthøgskole
- Skolen for Samtidsdans
- Bårdar Akademiet
- Spin Off
- Laban Centre
- Skolen for Moderne Dans i København
Fleire av dei som har utdanna seg innan feltet har også halde fram med å arbeide med dans og av samarbeidspartnarar og arbeidsgjevarar kan det mellom anna nemnast:
Landing DA, Sogn og Fjordane Teater, Danseverkstedet i Førde, Danseverkstedet i Ås, Steps Danseskule, Gloppen Dans- og Ballettskule, Flora Kulturskule, Firda vgs, Manglerud vgs, United World College i Dale, Sunnhordland fhs., Rønningen fhs.,Trøndertun fhs., CODA.
Danselinja på Firda gjev deg grunnlag som utøvande dansar, og for vidareutdanning som utøvar. Du får generell studiekompetanse og grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskular og universitet. Ved opptak til dei fleste dansestudium er det praktiske opptaksprøver. Nedanfor finn du ei liste over eksempel på kva som finnst av vidare utdanning innan dans i Norge:
- Sunnhordland fhs
- Trøndertun fhs
- Follo fhs
- Spin Off, forstudium i dans
- Bårdar Danseakademi
- Skolen for Samtidsdans
- Den Norske Balletthøgskole
- Høgskolen i Bodø
- Høgskolen i Stavanger
- Kunsthøgskolen i Oslo (utøvande og koreografi- og PPU-påbygging)
Og her er nokre eksempel på utanlandske skular:
- Laban Centre i London
- Skolen for Moderne dans i København
- School of New Dance Development i Amsterdam
- P.A.R.T.S. i Brüssel
- Liverpool Institute of Performing Arts (LIPA)
Det er inga enkel sak å arbeide innan dansefeltet i Noreg. Det er mange om beinet og altfor lite midlar både til opplæring, utvikling og formidling. Skal ein arbeide med dans på fulltid må ein kanskje belage seg på mykje reising og ofte kombinere fleire roller, som koreograf og utøvar eller utøvar og pedagog. Ein må førebu seg på å gjere meir enn å danse. Det er relativt få som klarar seg med ein jobb og ein må gjerne sjonglere med ulike oppdrag som ein arbeider med parallelt. Ofte må ein også skifte på å vere tilsett og arbeide frilans/som sjølvstendig næringsdrivande. Og ein kan heller ikkje “berre” danse. Det er søknader som skal skrivast, budsjett, rekneskap, rapportar og prosjektbeskrivelsar. Alt for å få drive med det ein likar best, nemleg dans!
Ein positiv ting med å velje dans som utdanningsområde er at det er gode vilkår for å få til oppdrag og samarbeid i distrikta. I Sogn og Fjordane har ein gode mogelegheiter for å få hjelp til finansiering både privat og offentleg, samt å få arbeid ved/samarbeid med kulturskular, vidaregåande skular, grunnskular, barnehagar, den kulturelle skulesekken, fylkeskulturkontoret og ved private institusjonar. Ulike instansar for søking av øknonomiske midlar (Norsk Kulturråd o.l.) ser også positivt på søknader frå Sogn og Fjordane.
Heldigvis har situasjonen for dei som arbeider innan dansefeltet vorte gradvis betre dei siste åra, og med mindre det skjer store endringar i kulturpolitikken vil det truleg kome til å bli endå betre i framtida.
Moderne klasse
Julegåve
Kontaktimprovisasjon