Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Dans
Bilde frå danseframsyning nov 2015

Bilde frå danseframsyning nov 2015 fotografhansgrasli.no

Dans

På danselinja kan du skaffe deg generell studiekompetanse mens du dyrker di interesse for dans, og får mulegheiten til å utvikle deg vidare innanfor dansen i eit inspirerande miljø.

Klassisk ballett

Den klassiske balletten er den eldste av dei sceniske danseformene. Den har sitt opphav frå dei italienske, franske og engelske hoffa under renessansen, og utvikla seg vidare fram mot romantikken til å få den forma vi kjenner att i dag. Typiske element som er med i denne teknikken er utoverrotasjon i hoftene (det at ein vrir beina ut frå hofteleddet for å framheve linja i foten) ein stabil og sterk overkropp og armar som er avrunda. Det vert dansa til klassisk musikk. Typiske eksempel på den klassiske dansen er ballettane Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.

Jazzdans

Jazzdansen utvikla seg i krysningspunktet mellom klassisk ballett og afrikansk dans. Difor kan vi sjå igjen arbeidet med linjer som dei er opptekne av i klassisk dans i jazz, samtidig som den har element frå afrikansk dans, spesielt når det gjeld bruk av overkropp (skyve brystkassa bak/fram/sidelengs). Jazzdansen inneheld mange ulike dansestilar, som musikal, afro, lyrisk jazz, hip-hop og stepp for å nemne nokre. Uttrykket i dansen føl ofte stemning og rytme i musikken. Musikkbruken er friare enn i klassisk, og kan være samansett av ulike sjangrar. I jazz jobbar vi med koordinasjon, bruk av dynamikk, rytmesans, fleksibilitet og personlig uttrykk.

Moderne dans / samtidsdans

Moderne dans vart utvikla som ein motreaksjon til den klassiske balletten, og arbeider difor ofte med beina i parallell og kurver framover og til sida i overkroppen. Ein står alltid på beina i klassisk ballett, medan ein i moderne dans også kan bruke ulike overflater av kroppen (rygg, overarm, underarm, hofter, bakende, bakside lår, framside lår, leggar, fotblad osb) mot golvet.Eksempel på kjente norske kompani som arbeider med moderne dans er Carte Blanche, Jo Strømgren Kompani og Panta Rei danseteater.

Undervisning

Undervisninga på danselinja består av teoretisk og praktisk undervisning. Den teoretiske undervisninga gir forståing og inspirasjon til det praktiske arbeidet.

  • Dans i perspektiv: I faget dans i perspektiv får du lære om historia til den sceniske dansen, frå utviklinga av klassisk ballett til det som skjer i danseverda her og no. I tillegg får du lære om korleis du skal lage dans sjølv.
  • Grunntrening: I grunntrening dans får du lære om anatomi, tøying, trening av kondisjon og styrke, i tillegg til kosthold og ernæring.
  • Danseteknikk: I danseteknikk får du trene deg opp i dei tre sjangrane klassisk, jazz og moderne.
  • Scenisk dans: Skulen underviser klassisk ballett, jazz og moderne/samtidsdans innan faget scenisk dans. Alle dansesjangrane vert lagt omlag lik vekt på.
  • Scenisk dans fordjuping: I scenisk dans fordjuping får du vere med å øve inn og skape koreografiar som skal framførast, anten på interne visningar på skulen, på eksterne arrangement, eller ved andre anledningar der vi får spørsmål om vi kan bidra.

Dansesalane og Kultursalen

I 2008 flytta vi inn i eit flott nybygg der vi har to lyse dansesalar med speglar og flytande golv (golv med svikt i, for å unngå slitasjeskader). I den største av salane har vi lysrigg, slik at vi kan sette scenelys når vi arrangerer visningar for medelevar, lærarar og andre interesserte. Salane ligg vegg i vegg med Kultursalen, så vegen er kort frå arbeid i sal til arbeid på scene.

Vegen vidare

Programfag dans er ei treårig studieførebuande linje som fører til generell studiekompetanse. Det betyr at studieretninga gir grunnlag for vidare utdanning på eit breitt utval av utdanningar på høgskular og universitet etter tre fullførte år. Etter vidaregåande kan velje du om du vil gå vidare med dansen, eller søkje deg inn på høgskular og universitet for å ta andre utdanningar. Mange av våre elevar har for eksempel blitt: økonom, lærar, politi, journalist, sjukepleiar og dataingeniør, for å nemne noko. Mange av elevane våre held fram med utdanningar som er knytt til kropp og helse, til dømes fysioterapi, psykologi og naprapati. Det er også mange som søker seg vidare til høgskular og universitet som tilbyr dans på eit høgare nivå.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Åshild Lerpold Fagkoordinator dans Ashild.Lerpold@sfj.no 

909 32 799

Relaterte lenker

Dokument