Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Drama
Bilde av dramaelevar, bidle er frå Gloppen musikkfest

Bilde av dramaelevar, bidle er frå Gloppen musikkfest MK - Firda vidaregande skule

Drama

Likar du å stå på scena og opptre? Tykkjer du det er kjekt å spele roller? Og likar du å lage teater saman med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg!

Det viktigaste er at du har interesse for faget og at du likar å drive med drama. Det er ein fordel om du tidlegare har delteke i teateroppsetjingar, men det er ikkje noko krav. Vel du drama vil du få utvikle kreativiteten din og du vil heile tida få nye utfordringar. Også evnene dine til samarbeid og samhandling med andre vil verte stimulert.

Dei praktiske faga på dramalina

  • Teaterensemble
  • Teaterproduksjon
  • Teaterproduksjon fordjuping
  • Teater og rørsle.

Du vil i løpet av tre år få opplæring i grunnleggande skodespelarteknikkar, dvs. at du vil få prøve ut ulike spelestilar og tilnærme deg roller på ulike måtar. Du vil også få opplæring i tema som t.d. improvisasjon, maske, mime, akrobatikk og scenekamp.

Alle tre åra vil du få vere med på større eller mindre teaterproduksjonar, anten stykke som vi lagar sjølve eller skrivne manus. Tekstanalyse og iscenesetjing er stikkord her.

I tillegg til dette lærer du også om lys, lyd, kostyme, sminke, scenografi og rekvisittar.

Dei teoretiske faga

  • Teater i perspektiv
  • Drama og samfunn

I faget Teater i perspektiv vil du få lære om teaterhistoria frå ur-teateret heilt fram til vår tid, og du vil få ei generell innføring i teaterteori og -analyse. Som del av faget vil vi gå og sjå profesjonelt teater for på den måten å øve opp evna til kritiske tenking og få fine opplevingar som kan gje inspirasjon til eige teaterarbeid. Du vil i tillegg lære om korleis du sjølv kan danne ei teatergruppe, korleis du skaffar midlar til prosjekt, korleis du kan drive PR osb.

I faget Drama og samfunn i tredje klasse vil du gjennom teori og praksis få innblikk i korleis ein kan bruke drama som metode for å lære andre fag. Du og medelevane dine lagar undervisningsopplegg som de får prøve ut i praksis i barnehagar og i grunnskulen.  

Musikal og revy

Kvart år samarbeider 3.klasse Musikk, dans og drama om eit felles prosjekt, nemleg ein musikal. Den vert spelt på scena i kultursalen i Trivselshagen. Vi har t.d. sett opp musikalane: Cabaret, Lysistrata, Mowgli, Beatles og Spring Awakening.

I tredje klasse vert det laga russerevy på Firda, og elevar frå alle programområda på skulen er med. Dramaelevane brukar å vere sentrale i dette arbeidet, både innanfor organisering, tekstskriving og som revyskodespelarar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Heidi Kristiansen Fagkoordinator, drama Heidi.Kristiansen@sfj.no 413 62 603

Relaterte lenker

Dokument