Firda vidaregåande skule
Dronning Sonjas skulepris 2017

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Ein fantastisk dag

28.november vil bli ståande som ein viktig dag for elevar og tilsette ved Firda vgs, med overrekking av Dronning Sonjas skulepris 2017.

H.M. Dronning Sonja overrekte sjølv prisen til rektor Hallgeir Hansen og elevrådsleiar Hanne Hjartholm under ein høgtideleg seremoni i Kultursalen. I spissen for ei lang rekke prominente gjester sto kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Gjestene, med dronninga i spissen fekk ei omvising på skulen, med stoppunkt der dei fekk sjå elevar og tilsette i aksjon. Dei fekk sjå musikkelevar som øvde i lag, idrettselevar som trena, danseelevar i aksjon, dei fekk observere undervisning i det nye klima- og miljøfaget vårt, og dei fekk møte elevar frå helsefag for minoritetsspråklege. Open skule- gruppa fekk møte dronninga personleg, og dronninga var også innom ALT- basen vår for å treffe elevar og tilsette der. Programmet vart avslutta med ein felles lunsj i Aulaen. På menyen stod tapas, som elevar og tilsette hadde samarbeidd om å lage.

Vi vil takke dronninga og juryen for tildelinga av prisen.
Vi vil og takke gjester, elevar og tilsette for ein fantastisk flott dag, som vil bli ståande som ein milepæl i historia til Firda vidaregåande skule.

 

Her finn de meir om dagen:

Nettsak og pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

NRK Sogn og Fjordane 

Firda 

Firda Tidend (abb)

Tips ein ven Skriv ut