Musikkelevar deltar på NRK lutt/Gloppen musikkfest

Furorestipend til Maria og Ingrid

Vi gratulerer våre tidlegare musikklinjeelevar Ingrid og Maria Wendelborg Ose med Furorestipend. Dei er begge elevar på Norges musikkhøyskole, der dei fekk overrakt prisen på 50 000,- kr. Firda vgs gratulerer!

Her er juryen si grunngjeving:

Tvillingane Maria og Ingrid W. Ose frå Sandane er 19 år, og har spelt fløyte i 12 av desse åra. Å utmerke seg musikalsk er svært krevjande, og krev ei langvarig, seriøs og målretta satsing med fleirfaldige daglege øvingstimar. Nettopp det har Maria og Ingrid gjort, noko som har ført til at dei jamnt og trutt har nådd nye milepælar og utviklingstrinn. Som å bli plukka opp til talentprogram på Gloppen Kulturskule, Barratt Due og Griegakademiet; opptre med KORK, Bergenfilharmonien, Norsk Ungdomssymfoniorkester, Oslofilharmonien med fleire, og hatt master class med nokre av verdas beste fløytistar. Nokre prisar og premiar har dei òg plukka med seg på vegen, og i haust byrja dei altså på Norges Musikkhøgskule.

Juryen påpeiker at Furorestipendet er eit personleg stipend. Søknadane frå Maria og Ingrid er difor blitt vurderte kvar for seg, og uavhengig av kvarandre. Men juryen er ikkje i tvil om at dei begge har vist brennande engasjement og satsingsvilje langt over det ein kan forvente, og ikkje minst oppsiktsvekkjande musikalsk talent. Juryen gratulerer og ønskjer all mogleg lukke til vidare.

Firda vgs gratulerer og ønskjer dei begge lykke til med vidare satsing.

Tips ein ven Skriv ut