Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Helsefag for framandspråklege
helsefag for framandspråklege

helsefag for framandspråklege

Helsefag for framandspråklege

Helsefag for framandspråklege er eit utdanningstilbod til vaksne framandspråklege som ønskjer å ta fagbrev som helsefagarbeidar.

Fagbrev

Helsefag for framandspråklege gir etter endt utdanning fagbrev som helsefagarbeidar. All praksis blir godskrive som læretid. Opplæringa legg vekt på teori og språklæring i praksis.

Målgruppe

Målgruppa er flyktningar og minoritetsspråklege. Utdanninga går over 3-4 år. Dei 2 første åra vert det lagt vekt på språkopplæring og opplæring i helsefag, i tillegg til mykje praksis innan helsefaga. Erfring visar at elevane lærer språket betre gjennom å vere ut i praksisfeltet. Siste året tar dei fellesfaga, i tillegg til praksis.

Praktisk gjennomføring

2 dagar teori + 3 dagar praksis

ÅR 1 ÅR 2 ÅR 3
 

Helsefag vg1

Norsk

Praksis

Helsefag vg2

Norsk

Praksis

Fellesfag (norsk, matematikk,

engelsk, samfunnsfag, naturfag)

Praksis

ÅR 4 Læretid i bedrift og godskriving av praksis

 

Pilotprosjekt

Helsefag for framandspråklege vart starta opp som eit pilotprosjekt ved Firda vidaregåande skule hausten 2013. Bakgrunnen for prosjektet var eit samarbeid mellom NAV Gloppen, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Liv Søreide Klepaker Fagkoordinator, Helsefag liv.soreide.klepaker@sfj.no 97 50 85 70