Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Støtte og rådgjeving»Helsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle våre elevar. På skulen har helsesøster og PPT kontor. Helsestasjon for ungdom finn du i andre etasje ved Gloppen legesenter/over Rema 1000.

Helsesøster

Helsesøster ved Firda vidaregåande skule er Margot Gimmestad.

Ho har kontortid på skulen kvar måndag frå kl. 08.30 - 12.00

Formålet med skulehelsetenesta er å fremje elevane si totale helse og forebygge sjukdom og skade. I dette arbeidet vil helsesøster møte elevar både til einesamtaler og i grupper/klasser. I samarbeid med skulen vil helsesøster og undervise om tema som hybelliv, russefeiring, samliv, prevensjon og korleis ein kan ta vare på si psykiske helse i ein stressa kvardag og i møte med store utfordingar og kriser.

Helsestasjon for ungdom

Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta. Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med spørsmål om helse og trivsel.

  • Stad: Gloppen helsestasjon. (2. etg. i det nye helsesenteret på Grandane, same bygg som Rema 1000.)
  • Dag og tid: kvar måndag bortsett frå skuleferiar. Frå kl. 13.00, vi stenger kl. 15.45 (15.00 sommartid.)
  • Fagpersonar: Lege og helsesøster.
  • Det er ikkje timeavtale og tilbodet er gratis. 

Velkomen til helsestasjon for ungdom!

Legeattest til elevar

Etter møte mellom skulen og kommunelegen er det semje om at elevane har krav på legeattest i følgjande tilfelle:

  • ved langtidssjukdom, dvs sjukdom i 2 veker eller meir. Kronisk sjukdom treng ikkje vere samanhengande for å kome inn under denne regelen.
  • ved sjukdom under eksamen
  • når eleven har sjukdom som krev tilrettelegging av prøver, eksamen og undervisning – til dømes allergi. Slike attestar må innehalde grunngjeving/dokumentasjon av sjukdom og kva tiltak som krevst.

Hugs at når du oppsøkjer helse- og sosialtenester må du ha med deg kvitteringslapp som lege, tannlege,  helsesøster eller PPT-tilsett kvitterer på og stadfestar at du har vore der. Dette fråværet vil då ikkje telje med på vitnemålet.

Tips ein ven Skriv ut