Firda vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Historie
Gamlebygget frå 1924 (Foto: Per Sande)

Gamlebygget frå 1924 (Foto: Per Sande)

Historikk

Firda gymnas vart etablert på Sandane i 1922, og er godt kjent frå tida som landsgymnas.

Skiping

Det var Firda ungdomslag, Firda Mållag og Sunnfjords ungdomslag som stod bak skipinga av Firda gymnas på Sandane i 1922, og skulen starta med ein klasse i leigde lokale i ungdomshuset Vonheim hausten same året.

 

Gamlebygget i dag.jpg

Landsgymnas

Skulen starta med latinlinje og reallinje, engelsklinja kom til i 1931. Mellomskulen var slått saman med gymnaset i 1925, men vart i 1941 avløyst av den to-årige realskulen. Same året kom den første klassen i det fire-årige landsgymnaset i gang. Staten overtok gymnaset i 1946 og realskulen i 1947.

Her finn du jubileumsskriftet frå 75-årsfeiringa av Firda.

Framsida av jubileumsskriftet

Klikk på biletet for å laste ned jubileumsskriftet i pdf-format

jubileumsskrift.pdf

 

Nye opplæringstilbod

Skulen har opp gjennom åra arbeidd for å tilpasse undervisningstilbodet til samfunnsutvikling og krav i tida. I 1966 kom første klassen på økonomisk linje, og i 1970 starta eit eitt-årig økonomisk studentfagkurs. I 1972 fekk skulen samfunnsfaglinje og mot slutten av 70-åra kom nye tilbod; musikklinje frå 1978, idrettslinje frå 1979 og helse- og sosialfag frå 1980.

Med allmennfagtilbod også ved dei tre andre vidaregåande skulane i Nordfjord måtte allmennfag­tilbodet ved Firda reduserast, og på 1990-talet starta ei gradvis nedbygging av klassetalet på allmennfag. På den andre sida har tilboda på dei andre studieretningane blitt utvida og skulen har fått nye tilbod etter år 2000: IKT driftsfag, studieretning for medium og kommunikasjon, og vidaregåande kurs både i drama og dans.

Kunnskapsløftet (LK06)

Etter den nye skulereforma, "Kunnskapsløftet" som trådte i kraft  august 2006, har skulen hatt desse utdanningsprogramma: Studiespesialisering, Idrett, Musikk, dans, drama, Helse- og sosialfag, Medium og kommunikasjon og IKT-driftsfag.

Skulebruksplanen

På grunn av synkande elevtal i Sogn og Fjordane, vart politikarane i fylket nødt til å sjå på omorganisering av den vidaregåande skulen. Skulebruksplanen, som vart vedtatt av fylkestinget 11. juni 2013, førte til endringar i opplæringstilbodet ved Firda vgs. Medium og kommunikasjon og Helse og sosialfag vart lagt ned og flytta til andre skular i fylket.

Same år starta skulen opp eit nytt opplæringstilbod retta mot framandspråklege. Tilbodet heiter Helsefagarbeider for framandspråklege, og starta som eit samarbeid med NAV og Gloppen kommune. Seinare har også andre kommunar deltatt i prosjektet.

Gamlebygget med Trivselshagen.jpg

Skulebygningar

I 1922 vart det skipa eit lutlag som skulle stå for bygging og drift av eige bygg for det nye gymnaset. I 1924 stod gymnasbygget ferdig til bruk. Bygget vart i 1933 overdrege til Gloppen kommune og frå 1946 overtok staten gymnasbygget med tilhøyrande grunn.

Realskulebygget

Det vart lagt planar for nybygg for realskulen som omfatta klasserom, spesialrom, lesesal, bibliotek og gymnastikksal med scene, men det vart gitt byggeløyve berre til eit første byggesteg med klasserom. ”Realskule-bygget” stod ferdig i 1956.

Skuleanlegget-300.jpg

Firdahallen

Behovet for gymnastikklokale for skulen vart ikkje tilfredsstillande løyst før i 1965 då Firdahallen stod ferdig med ein sal på om lag 900 kvadratmeter. Utbygginga var eit resultat av samarbeid mellom fylke og kommune, og det same var tilfelle då førebels siste byggesteg ved skulen stod ferdig i 1974 til ein kostnad på om lag 7 mill. kr. I den eine fløyen i dette bygget finn vi bl.a. aula, spesialrom og tilfluktsrom. Den andre fløyen inneheldt personalrom, arbeidsplassar for lærarar, kontor og lokale for Gloppen folkebibliotek.

Trivselshagen Skule og kultur

Med dei nye opplæringstilboda som kom f.o.m. skuleåret 2000/2001 fekk skulen behov for betydeleg meir areal til undervisningslokale. Desse behova vart løyste gjennom bygginga av Trivselshagen, eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune. Skule/kulturdelen stod ferdig hausten 2008 og vart offisielt overlevert i januar 2009. Biblioteket vart flytta over i Trivselshagen og det gamle bibliotekarealet vert ombygt til undervisningslokale for helse- og sosialfag, kontor/verkstad for IKT og kontor for helsesøster og leiande reinhaldar.

Danselinja i samarbeid med Gloppen musikkfest i 2015 (Foto: Hans Græsli).jpg

Trivselshagen Bad og idrett

Trivselshagen Bad og idrett var siste byggesteg i Trivselshagen, og er ein utvidelse av tidlegare Firdahallen. I tillegg til Firdahallen er det bygd spesialhall for turn, badeanlegg og velværebasseng, treningssenter og ny storhall kalt Trivselshallen.

Trivselshallen er utstyrt med klatrevegg, friidrettsbane for løp, kastanlegg og ein aktivitetsflate der ein kan utøve idretter som handball, fotball, volleyball, basketball, tennis og badmington.

Badeanlegget opna august 2012, mens Trivselshallen ble tatt i bruk i oktober 2013. Offisiell opning av heile det ferdige anlegget var 16. januar 2014.

volleyball.jpg.jpg

Tips ein ven Skriv ut