Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Idrettsfag
Sandvolleyball

Sandvolleyball

Idrettsfag

"Livet på idrettslinja"

Du bør like ein aktiv kvardag om du går idrettslinja. Dagane består av mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfaglege teorifag. Er du interessert i idrett, eller ønskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse eller leiarerfaring, er idrettslinja midt i blinken for deg. Idrettslinja gjer deg generell studiekompetanse, som er inngangsporten til vidare studium på universitet og høgskuler. Idrettslinja kan du gå om du er toppidrettsutøvar og ønskjer å langt i idretten din, men også om du berre likar å trene og vere aktiv. Idrettslinja på Firda vgs har gode og lange tradisjonar for å leggje godt til rette for både topp- og breddeidrett.

Vi legg vekt på å byggje og vedlikahalde eit godt læringsmiljø, trivsel og tryggleik for elevane. Mykje variert trening, teorifag, arrangement, turar og opplevingar. Her får du vener for livet!

Samtrening og gjensidig nytteverdi av høg kompetanse

Samtrening går som ein raud tråd gjennom heile toppsatsinga på Firda vgs. Det er sterke kompetansemiljø innafor ulike idretter på idrettslinja og i dei lokale idrettslaga. Denne kompetansen ønskjer ein å overføre og utnytte på optimalt vis gjennom eit tett samarbeid. Dette syner igjen ved at ein får ein tydeleg og positiv treningskultur som alle dreg nytte av. Dei ulike lokale klubbane har opne treningar der alle kan ta del og dra nytte av spesialkompetanse på ulike område. Trivselshagen skal vere eit Olympiatoppen i miniatyr der alle bidreg og alle oppnår postive effektar.

Alle dei lokale idrettslaga er positive til å ta imot Firda-elevar, både som medlemmar og som hospiterande på sine treningar. Det betyr at om du må bo på hybel på Sandane, kan du enten bli med i dei lokale laga, eller du kan trene med lag her og konkurrere for ditt eige lag heime. Skulen kan hjelpe til med å finne gode løysingar for den enkelte elev.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ragnhild Bakketun Vederhus
Fagkoordinator, idrett ragnhild.bakketun.vederhus@sfj.no 913 37 993

Relaterte lenker

Dokument