Bilder av bøker på ei grøn eng

Bilder av bøker på ei grøn eng

Informasjon om karakterforsøk i norsk

Firda vgs er med i eit forsøksprosjekt med ein karakter i norsk på vg1 og vg2 (i staden for tre karakterer i norskfaget kvart år). Forsøket undersøker vilkårene for læringsfremmende vurdering i norskfaget.

Elevane som er med i forsøksordninga skal lære akkurat det same som dei som ikkje er med i forsøket. Elevene skal framleis ha tre standpunktkarakterar på vitnemålet etter Vg3 som uttrykk for den fagkompetansen dei har oppnådd etter dei tre åra. Karakterene på Vg1– Vg2 er undervegsvurdering.

Forsøket opnar for større lokal fridom til å organisere arbeidet med læreplanen slik skulen og lærarane finn det føremålstenleg. Elevene får opplæring i alle kompetansemåla, men det kan variere i løpet av skuleåret kva som vert mest vektlagt. Til dømes kan elevane ha opplæring i sidemålet sitt eit semester, hovudmål eit anna.

Det er frivilleg å delta i forsøket, enkeltelevar kan reservere seg. Dei vil då få vurdering på vanleg måte.

Det er sju vidaregåande skular som er med i forsøket: Firda, Flora, Hafstad, Årdal, Eid, Måløy og Høyanger.

Meir informasjon om forsøket finn du på heimesida til Udir: Karakterforsøk i norsk

Tips ein ven Skriv ut