Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Reglar og rutinar»Klage på karakter

Klage på karakter

Eleven kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, også eksamenskarakterar.

Klagefrist

I følgje forskrift til opplæringslova § 5-5 er det ti dagar klagefrist på eksamenskarakter. Fristen reknast frå det tidspunktet klagar er blitt kjend med eller burde gjort seg kjend med karakteren.

  • Munnleg eksamen: Om du klagar på karakter til munnleg eksamen, skal klagen grunngjevast, og ein kan berre klage på formelle feil.
  • Skriftleg eksamen: Ved klage på skriftleg eksamen, treng ein ikkje grunngje klagen.
  • Munnleg praktisk og praktisk eksamen: Ved desse eksamenane kan du berre klage på formelle feil.

Meir om klage på vurdering i kapittel 5 i opplæringslova.

Resultat av klage:

Dersom du nyttar høvet til å klage på eksamenskarakteren, vil ikkje resultatet av klagen ligge føre før fristen for oppmelding til hausteksamen er ute. Du får altså ikkje vite resultatet av klagen før du ev. må melde deg opp til hausteksamen for å ta ny eksamen.

Oppmelding til ny eksamen:

Du må melde deg opp til hausteksamen innan fristen dersom du ønskjer å gå opp til eksamen på nytt. Dette gjer du på PrivatistWeb. Skulle du få medhald i klagen og ønskjer å trekke oppmeldinga, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no. Du vil då få tilbakebetalt prøveavgifta.

Korleis klagar du?

Klagen må vere skriftleg, datert og underskriven. Klagen skal sendast til eksamenskontoret per post:

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eller som vedlegg til e-post til: eksamenskontoret@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut