Utdanningsforbundets klimapris 2018

Foto: Utdanningsforbundet

Klimapris til Firda vgs

Firda vgs er tildelt Utdanningsforbundet sin klimapris for 2018.

Grunnlaget for prisen er lagt gjennom arbeidet med prosjektet Grøn skule, og Firda vgs vil takke alle dei gode samarbeidspartnarane som er ein stor og viktig del av dette prosjektet.

Her kan de lese juryen si grunngjeving:

Firda vidaregåande skule har frå 2015 arbeidd målretta med klima og miljø gjennom prosjektet Grøn skule. Aktivitetane er mange og varierte.

Det er fleire delprosjekt i Grøn skule-prosjektet som involverer eit breitt spekter av ulike målgrupper og samarbeidspartnarar.

Barnehagane og skulane i Gloppen kommune samarbeider i prosjektet «Den grøne tråden». Målet er å nyste ein grøn tråd frå barnehage, via barne- og ungdomsskule til vidaregåande skule. Her vert klima, miljø og berekraftig utvikling lyfta opp som tema i all opplæring i kommunen.

Ulike prosjekt hos aktørane står sentralt i dette arbeidet, besøk på Newton-rommet ved Firda vidaregåande skule, fellessamlingar og ein felles blogg for prosjektet. I vår var 15 grupper frå grunnskulen på besøk og fekk prøve eit flaumbasseng som skulen har utvikla. Flaumbassenget vert brukt til å vise kva som skjer med landskap og busetnad når klimaet endrar seg og vert våtare. Det er også laga eit spel knytt til bassenget som vert brukt i undervisninga.

Skulen har utvikla Klima og miljøfag 1 og 2 som programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram. Faga er utvikla for å gi ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøspørsmål og femner vidare enn det vi finn i dagens læreplanar. Som eit ledd i utviklingsarbeidet med faga var Firda pådrivar og samarbeidspart med Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, for å opprette ei vidareutdanning i naturfag for lærarar med vekt på klima, miljø og energi.

Skulen har også gjort ein internasjonal innsats gjennom samarbeidet med Ungt Entreprenørskap i prosjektet GreEnt (Grønt entreprenørskap). Dette er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt som har utvikla undervisningsopplegg retta mot det grøne skiftet og grønt entreprenørskap. Skulen har delteke med elevar og lærarar på internasjonale arrangement og medverka i arbeidet med å utvikle undervisningsopplegg.

Skulen er oppteken av korleis ein skal formidle kunnskap om klima og miljø til barn og unge. Difor arrangerer skulen saman med samarbeidspartar ein klimakonferanse i november i år. Konferansen har fått tittelen «Den grøne tråden – lære om klima ved å gjere». Her inviterer skulen alle som er interessert i temaet, særleg lærarar og elevar frå heile fylket.

Firda vidaregåande skule er ein inspirasjon for andre og ein verdig vinnar av klimaprisen til Utdanningsforbundet.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut