Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Praktisk informasjon»Lån og stipend
Lånekassen sin logo

Lån og stipend

Alle i vidaregåande opplæring kan søke om lån og stipend i Lånekassen.

Når?

Du søker om lån og stipend etter at du har fått skuleplass.
Søknads- og meldingsfristen for utdanningsstøtte er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. 

Endring i Lånekassen sine reglar for undervisningsåret 2016–17

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift for tildeling av utdanningsstøtte for 2016-17. Her er ei oversikt over dei viktigaste endringane for elevane dykkar.

Foreldre til elevar under 18 år skal signere avtalen om støtte

Slik det er i dag, må både forelder og elev signere avtalen om støtte når eleven er under 18 år, uavhengig av om eleven berre får stipend, eller stipend og lån. Nytt frå neste undervisningsår er at berre forelder/verje skal signere dersom eleven berre får stipend. Får eleven lån, skal framleis både eleven og ein forelder / ei verje signere avtalen.

Endring i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for ulike utdanningsprogram

Det er somme endringar i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for dei ulike utdanningsprogramma.

Vil de vidareformidle informasjon til elevane for oss?

Vi har laga ei eiga nettside med informasjonsmateriell til elevane. Her kan de laste ned bilde, film, statusoppdateringar og artiklar, og bruke det på eigne nettsider. 

Her finn de informasjon om andre endringar i forskrifta, både for elevar med og utan ungdomsrett.

Her kan de lese heile forskrifta: lanekassen.no./forskrifter

Korleis?

Har du ungdomsrett og har søkt opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skule, er det enklaste å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad. På vigo.no takkar du også ja til skuleplassen. Du finn også søknadsskjema på dine sider hjå Lånekassen. På «Dine sider» her kan du også følge med på korleis det går med søknaden din.Søk om lån og stipend:  

Vidaregåande opplæring utan ungdomsrett

Du kan få støtte til vidaregåande opplæring sjølv om du ikkje har ungdomsrett.
Sjå Lånekassen sine nettsider.

Lærling

Lærlingar får til dømes ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend. Du må fylle nokre krav for å få stipend og lån.
Oversikt over vilkår for å få støtte som lærling: Lånekassen.no - lærling

Utstyrsstipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend hjå Lånekassen. Hugs at du må søke om stipendet for å få det utbetalt. Du får stipendet uavhengig av kor mye dine føresette tener.
Når du har fått opptak, søker du om stipend på lånekassen.no eller vigo.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Heile utstyrsstipendet blir utbetalt på ein gang. Når du søker, sjekkar Lånekassen automatisk om du også har rett til andre stipend, som til dømes grunnstipend eller bustipend.
Søk utstyrsstipend her: vigo.no eller lanekassen.no

  • Sjekk gjerne Lånekassen si Facebook-side for deg i vidaregåande skule: facebook.com/lanekassen.vgs

Utbetaling av stipend og lån

Du får stipendmeldinga/gjeldsbrevet på lærestaden din. Hugs at du må skrive under på brevet og sende det attende til Lånekassen. Er du under 18 år, må både du og ein av dine føresette signere.Studielånet blir delt opp, og utbetalingar er den 15. i hver månad.

Pass på fråvær, bytte av fag og avslutta utdanning

Om du har for stort fråvær, sluttar eller endrar eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.  

Du må sjølv melde fra til Lånekassen med ein gang om du:

  • sluttar eller tek pause i utdanninga
  • byttar skule eller studieretning
  • flyttar heim til føresette (bortebuarstipend)

Skulen melder frå til Lånekassen om du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak fra et fag

Les meir om fråvær og avbrot: lånekassen.no

Skal du på utveksling?

Da må du sende inn stadfesting frå skulen din i Norge og fra utvekslingsorganisasjonen.

Meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker