Firda vidaregåande skule»Om oss»Om skulen»Lokale
Gamlebygget med Trivselshagen (Foto: Lyslo Foto)

Gamlebygget med Trivselshagen (Foto: Lyslo Foto)

Skulebygningar

Firda vidaregåande skule har 5 skulebygg som ligg tett samla rett ved Sandane sentrum. 

Gymnasbygget (A-bygget)

Gymnasbygget frå 1924 er sjølve signalbygget til Firda vgs. Bygget har arkitektoniske likheitstrekk med Eidsvollsbygningen, og rommer i dag klasserom for studiespesialiserande og idrettsklassene. I første etasje har miljøkoordinator kontor, og i kjellaren finn du Open skule, som er eit fritids- og aktivitetstilbod som er opent både på dag- og kveldstid.

Firda vgs bilde frå skuleplassen.jpg

Personalbygget (B-bygget)

I B-blokka finn du arbeidsplassar for lærarar. I kjellarane har helsesøster, PPT, IKT-ansvarleg og reinhaldsansvarleg kontor, i tillegg til klasserom for helsefagarbeidar.

Realskulebygget (C-bygget)

I C-blokka har elevane på musikk, dans og drama klasserom. Her finn ein også musikkstudio og øvingsrom for musikkelevar. Vaktmeistrane har kontor i kjellaren.

Skuleanlegget-300.jpg

Aulabygget (D-bygget)

I D-blokka ligg aulaen med scene, i tillegg til 4 nye lydisolerte øvingsrom for musikk. I kjellaren finn du realfagsavdelinga med Newtonrom

Trivselshagen Skule og kultur

Her finn du resepsjonen til Firda vgs og kontora til leiinga ved skulen. I tillegg inneheld dette bygget kultursal, kantine, bibliotek og kinosal. I kjellaren finn du spesialrom for dans og drama, videkonferanserom, møterom, arbeidsplassar for lærarane, i tillegg til Gloppen kulturskule.

Danselinja i samarbeid med Gloppen musikkfest i 2015 (Foto: Hans Græsli).jpg

Trivselshagen Bad og idrett

Trivselshagen Bad og idrett var siste byggesteg i Trivselshagen, og er ein utvidelse av tidlegare Firdahallen. I tillegg til Firdahallen er det bygd spesialhall for turn, badeanlegg og velværebasseng, treningssenter og ny storhall kalla Trivselshallen.

Trivselshallen er utstyrt med klatrevegg, friidrettsbane for løp, kastanlegg og ein aktivitetsflate der ein kan utøve idretter som handball, fotball, volleyball, basketball, tennis og badmington.

volleyball.jpg.jpg

 

Bygg Namn Funksjonar i bygget
A Gymnasbygget

Klasserom for studiespesialiserande (ST) og idrett (ID)Miljøkoordinator og Open skule

B Personalbygg

Personalrom
Arbeidsrom for lærarar
Rådgjevarar
Helsesøster og PPT
IKT-avdelinga
Klasserom for Helsefag for framandspråklege (VHOA)

C Realskulebygg

Klasserom for musikk, dans og drama (MDD)
Musikkrom
Vaktmeister

D Aulabygg Aula
Musikkrom
Naturfagrom/Newtonrom
E

Trivselshagen
Skule og Kultur

Firda sin administrasjon
Dagleg leiar Trivselshagen
Kantine, Kultursal, Auditorium/kino, Bibliotek, Studierom
Dans og dramasalar, arbeidsrom for lærarar
Gloppen Kulturskule, Videkonferanserom, møterom,

F Trivselshagen
Bad og Idrett
Symjehall, treningssenter, gymsalar, turnhall, friidrettshall, klatrevegg og idrettshall. Arbeidsrom for idrettslærarane.

Romnummera på timeplanen din viser kva bygg og etasje rommet ligg i. Døme: Rom nr A201 ligg i A-bygget i 2. etasje og rom nr 01

Tips ein ven Skriv ut