Firda vidaregåande skule
årets musikal på Firda

årets musikal på Firda

Siste sjanse til å få med seg årets musikal på Firda

Musikk, dans og dramalinja vg3 på Firda har laga musikal av Shakespeare sin berømte komedie "Ein Midtsommernattsdraum". Siste forestilling er i kveld, fredag 17.02, kl 19.00.

Dette stykket har mykje romantikk og ablegøyer, skjemt og alvor, eventyr og ettertanke. Musikk som forsterkar stemninga i stykket er representert i ulike genrer frå pop til klassisk.
Fire unge mennesker rømmer inn i skogen utafor Aten for å redde den store kjærleiken. Skogsalven Puck vil rydde opp i dette og er bevepna med ein kjærleiksblomst som fungerer slik at om ein dryss blomsterstøv over nokon, vil dei forelske seg i den første dei ser. Slik startar forviklingane som det tek heile stykket å vikle seg ut av.
Forvirrande? Ja, men forelskelse er forvirrande, og det endar godt for alle til slutt!

Her er NRK si omtale av musikalen: https://www.nrk.no/sognogfjordane/over-400-ar-gammalt_-men-framleis-aktuelt-1.13381503

Informasjon om musikalen og billettsal finn de her:
http://www.trivselshagen.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=21824&lang=11&MId1=150001

Tips ein ven Skriv ut