Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Musikk»Musikal
Merchior og Wendla frå musikalen Spring Awakening 2016

Merchior og Wendla frå musikalen Spring Awakening 2016

Musikal

Firda vgs har tradisjon for å ha eit stort fellesprosjekt for vg3-elevane frå musikk, dans og drama. Dei siste åra har dette vore musikal.
Under kan du sjå omtale og video frå ulike oppsetningane.


Spring awakening (2016)

Rammene for musikalen er lagt til Tyskland på slutten av 1800-talet. Unge Melchior Garbor forelsker seg i Wendla Bergmann, og saman må dei kjempe mot samfunnets fordommar. Temaene i musikalen er like aktuelle i dag som for over 100 år sidan, og temaet i musikalen er ungdom som gjer opprør mot etablerte tabu rundt seksualitet og kjærleik.

Programhefte Spring Awakening


Guys & Dolls (2015)Plakat Guys and Dolls.jpg

Ein musikal full av fengande storbandmusikk, flotte dansenummer og ikkje minst mykje humor og varme. Hendinga i denne musikalen er lagt til gangstermiljøet i New York på 1950-talet. Her møter vi hardbarka gamblarar, naive dansepiker og strenge frelsesarmesoldatar.

Hovudkonflikta i stykket oppstår når superspelaren Sky Masterson veddar 1000 dollar på at han skal greie å få med seg den unge frelsesarmesoldaten Sarah Brown på middagsdate i Havana. Veddemålet går ikkje heilt slik han hadde planlagt når varme kjensler oppstår mellom han og Sarah. Kan kjærleiken endre folk til det betre?

Programhefte Guys & Dolls

Dansescene frå Guys and Dolls.jpg


Across the Univers (2014)

r2014-02-06 Across the Universe Generalprøve_0011.jpg

Across the Universe-plakat.jpg


Mowgli (2014)

Annonse_Mowgli_Firdavgs.jpg

Tips ein ven Skriv ut