Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Musikk
Bilde av musikkelevar, frå huskonsert i 2015

Bilde av musikkelevar, frå huskonsert i 2015 fotografhansgrasli.no

Livet på musikklinja

Er du glad i song og musikk? Spelar du i band eller korps? Har du lyst å utvikle deg vidare og komponere eiga musikk i lag med andre? Då er musikklinja noko for deg!

Undervisning

Undervisninga på musikk er vevd tett saman av musikkteori, praktiske fellesfag og individuell instrumentundervisning, og du vil få deg ei brei og allsidig opplæring i mange musikkfag, samtidig som du får generell studiekompetanse. Det er ikkje noko krav at du kan notar på førehand, men det er sjølvsagt ein fordel. Musikkteorien du møter i 1. klasse startar frå grunnen av. Du vel hovudinstrument sjølv, men skulen må ta atterhald om at vi klarar å skaffe kvalifisert lærar til instrumentet ditt.

 

Utstyr og øvingsrom

Elevar som byrjar på musikklinja må ha med sitt eige hovudinstrument og det utstyret som er nødvendig for bruken av dette. For dei som har akustisk piano som hovudinstrument, har skulen instrument som dei kan øve på.

Elevane på musikklinja får tilgang til svært gode øvingsfasilitetar. Vi har fire store samspelsrom fullt utstyrt med PA, gitarforsterkarar, bassforsterkarar og piano/keyboard. I tillegg har vi ni mindre øvingsrom med piano og tre klasserom med piano og gode HiFi-anlegg. Dette er også tilgjengeleg etter skuletid og i helga.

Skulen disponerer i tillegg to scener med full lyd/lysrigg; scena i Aulaen og scena i kultursalen i Trivselshagen. Begge scener har konsertflygel, og flygelet i kultursalen er eit nydelig Steinwayflygel.

Av digital musikkprogramvare brukar vi notasjonsprogrammet Sibelius til noteskriving, komponering og arrangering. Dette blir installer på dei maskinene elevane får gjennom elevPC-ordninga. Vi har også program som Logic og Ableton Live til studio og livebruk. Musikklinja har to gode audiolydkort. Skulen har også eige lydstudio kor ein kan ta opp eigne innspelingar.

Livet på musikklinja

Som elev på musikklinja kan du bruke skulen på ettermiddag og kveldstid. Du får nøkkel og tilgang til mykje musikkutstyr som du fritt kan bruke. Vi har mange øvings- og grupperom. Det er piano på dei fleste rom, og vi har flygel i aulaen.

Det arrangerast ofte huskonsertar i skuletida. Interessa for desse er stor, både hos elevar som høyrer på og dei som deltek. På hausten og om våren har vi ein stor offentleg konsert, og vi har årleg adventskonsert i kyrkja. Vi er bevisst på å få impulsar utanfrå, og har eit godt samarbeid med mange instansar, enten i form av besøk, workshops eller tilbod om konsertar. Tradisjonelt er det veldig mange musikkelevar som er på skulen kvar kveld, både for å øve, gjere lekser og ha det hyggeleg med gode vennar. Det er eit godt miljø på skulen, og aktiviteten på kveldstid kan ikkje bli sett på som anna enn ein utvida læringsarena.

Open skule står sentralt og har alltid vore viktig for musikkelevane. Open skule har ei open facebookside der du kan lese meir om kva dei kan tilby. Lik sida og få oppdateringar på kva som skjer på Open skule.

Entreprenørskap

Elevane våre arrangerer/produserer eit uttal huskonsertar og andre konsertar/produksjonar. Her er elevane med i heile prosessen frå idéfase til planlegging, gjennomføring og evaluering. Gjennom året reiser mange elevar rundt om i fylket og gjer musikalske oppdrag som ein del av undervisninga. Hotell Alexandra i Loen er ein plass vi ofte får oppdrag av ulik art.

Samarbeid

Musikklinja samarbeider med fleire lokale verksemder og institusjonar. Dette meiner vi gir verdifull læring ut over den vanlige klasseromsundervisninga. På lista står mellom anna Opera Nordfjord, Gloppen Scene, Nordstranda barnehage, DKS i Gloppen Kommune, Sogn og Fjordane Symfoniorkester, Gloppen Musikkfest, Gloppen kulturskule/distriktsmusikarane.

 

Musikk,Dans,Drama på Facebook: https://www.facebook.com/MusikkDansDramaFirdaVgs

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Solfrid Bjørkum

Fagkoordinator, musikk Solfrid.bjorkum@sfj.no

Tlf: 959 72 169

Relaterte lenker

Dokument