Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Støtte og rådgjeving»Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta

I samband med Reform-94 vart det oppretta ei oppfølgingsteneste (forkorta til OT) i kvart fylke. I Sogn og Fjordane er tenesta delt i 10 regionar som dekkjer alle kommunane. I kvar region er det ein OT-koordinator som skal være til hjelp for dei ungdomane mellom 16 og 21 år som ikkje nyttar seg av tilbod om vidaregåande opplæring, eller som ikkje er i fast arbeid. OT skal også hjelpe dei som avbryt det opplæringstilbodet dei har fått.

OT samarbeider oftast med vidaregåande skule, NAV og PPT. Det er OT-koordinator sitt ansvar å samordne dei ulike tenestene/støttetiltaka som ungdomane får tilbod om.

OT-koordinator i Gloppen er Turid Korterud.

Alternativ opplæring

I tillegg til ordinære treårige skuletilbod på ulike studieretningar kan Firda vgs og gje tilbod om:

  • Utvida opplæringstid (inntil fem år)
  • Redusert fagkrins
  • Kombinasjonar skule - arbeid
  • Opplæring etter individuelle læreplanar = spesielle opplegg tilpassa einskild-elevar sine behov

Slike ordningar som er nemnde ovanfor, kan setjast i verk dersom det ligg føre sakkunnig tilråding, t.d. frå Pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT).

For nærare informasjon: Kontakt rådgjevar.

Tips ein ven Skriv ut