Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Eksamen»Privatist og praksiskandidat»Privatist

Privatist

Ein privatist er ein som melder seg opp til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet.

Det vert arrangert eksamen to gonger i året 

  • Våreksamen: april/mai/juni , frist for oppmelding er 1. februar
  • Hausteksamen: november/desember, frist for oppmelding: 15. september

Oppmelding til privatisteksamen gjer du på PrivatistWeb.

Standpunktkarakter

Ein privatist får ikkje standpunktkarakter i faget. Dersom privatisten ønskjer å forbetre ein standpunktkarakter, blir denne teken bort dersom vedkommande vel å bruke karakteren til privatisteksamen på vitnemålet.

Eksamensavgift

Eksamensavgifta må vere betalt innan fristen for at påmeldinga skal vere gyldig. Innbetalt eksamensavgift blir ikkje refundert dersom du må trekke deg eller utsette eksamen. Ved dokumentert fråvær kan du få utsette eksamen til neste termin utan å betale på nytt. Prisen per eksamen i 2016 er:

  • 1029 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
  • 2058 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare

Sjukdom

Dersom du er sjuk på eksamensdagen eller ei uføreseieleg hindring gjer at du ikkje kan møte på eksamen og du sjølv ikkje er årsak til dette, kan du få utsette eksamen til neste termin utan å betale på nytt. Fråværet må være dokumentert. 

Skular

I Sogn og Fjordane er det tre privatistskular:

Du kan i utgangspunktet velje skule, men i munnlege og munnleg praktiske fag kan du verte flytta til ein anna skule enn det som var valet ditt. I praktiske fag vert eksamen lagt til ein skule som har det aktuelle faget.

Dokumentasjon

Når sensuren er klar, kan du sjekke karakteren på PrivatistWeb, under «Mine eksamenar».

Dersom du vil få tilsendt kompetansebevis, kontakt eksamenskontoret@sfj.no.

Privatistar som etter avlagt eksamen skal ha vitnemål eller nytt vitnemål, må kontakte skulen der du tidligare var elev. Dersom dette ikkje er mogleg, ta konktat med eksamenskontoret.

Høgare utdanning:

Søkjer du høgare utdanning, er du sjølv ansvarleg for å skaffe nødvendig dokumentasjon og orientere deg om fristane som gjeld. Vitnemål og kompetansebevis bør tingast i god tid før innsendingsfristen.

Meir informasjon

PrivatistWeb finn du meir informasjon om privatisteksamen.
Udir kan du lese meir om å ta fag som privatist.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eksamenskontoret@sfj.no

Relaterte lenker