Erika Hebbert / Peter D. Hypher

Erika Hebbert / Peter D. Hypher

Rapport frå Tormod

I 2016 gjekk Tormod Skår Midtbø ut frå Firda etter tre år på danselinja. Han ville gå vidare med dans og kom inn på Spin Off i Oslo. Vi har spurt den talentfulle dansaren korleis året har vore.

Galleri

SpinOff2
SpinOff3
SpinOff4
SpinOff5

Her er rapporten vi fekk frå Tormod:

 

“ Året på Spin Off Forstudium i Dans har gått over all forventning. Det har vore ein hoppbakke for meg, der eg har lært enormt mykje om meg sjølv og mine medelevar. Det støtteapparatet og fasilitetane som eg har vore så heldig å ha i ryggen - har gjort meg merksam på ting eg ikkje visste at eg hadde buande i meg.

Eg har blitt utfordra på alle frontar, og utvikla eigenart gjennom hardt teknisk og kreativt arbeid. Miljøet for dans i Oslo er også langt større enn det eg hadde sett føre meg; det har inspirert til dei grader - og gitt meg moglegheiter som ein berre kan drøyme om. Året på Spin Off har gjort meg enda meir svolten på dei ulike aspekta ved dansekunsten. No bær vegen vidare med studieplass på Kunsthøgskulen i Oslo, der eg verkeleg skal søke mitt fulle potensiale."

 

Vi ønskjer Tormod lykke til med vidare studier på Kunsthøgskulen i Oslo.

 

Bilete: Erika Hebbert og Peter D. Hypher

Tips ein ven Skriv ut