Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Praktisk informasjon»Skuleskyss

Skuleskyss

Rutetider skuleskyss - avreise Firdahallen:

  • Måndag kl 15.10
  • Tysdag - torsdag kl 16.00
  • Fredag 14.00

Andre bussruter www.kringom.no

Elektronisk skuleskysskort

Frå hausten 2014 har Sogn og Fjordane fylkeskommune innført elektroniske skuleskysskort for alle elevar som har rett på fri skuleskyss. Skuleskysskortet skal brukast alle åra eleven går i vidaregåande skule. Det er difor viktig at eleven tek godt vare på kortet og nyttar plastlomma som kortet ligg i ved utdeling.

Dei elevane som ikkje har søkt elektronisk, men som har rett på skuleskyss, må fylle ut søknadsskjema og levere på kontoret på skulen så fort som mogleg. Eleven får så utlevert kortet, i lag med eit vedtaksskriv om at eleven har rett på skuleskyss og ei brosjyre med reglar og rutinar for bruk av kortet. For meir informasjon om elektronisk skuleskysskort, sjå skulen sine nettsider.

Generelt om kortet

  • Gjeld berre for reiser mellom heim og skule
  • Gjeld 2 reiser kvar dag inkludert overgang, ei til og ei frå skulen
  • Skal ikkje nyttast til reiser/turar i skuletida
  • Gjeld berre på dagar med undervisning på skulen, gjeld ikkje på fridagar eller i feriar
  • Kortet er personleg men namn og kortnummer. Det er ikkje lov å låne det ut til andre.

Her finn du informasjon om elektronisk skuleskyss

skuleskyss2016.jpg

Rett til skuleskyss

Heimebuande

elevar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane får skuleskyss eller skyssgodt­gjersle dersom dei er heimehøyrande i fylket og kortaste avstand mellom heim og skule er 6 km eller meir. Gangavstand mellom heim og skulebuss er no redusert til 4 km.

Hybelbuarar

får ikkje dekt utgifter i samband med reiser til foreldra sin heim i helgar, ferier eller på fridagar.

Delkurselevar

Kjem inn under reglementet på lik linje med heilkurselevar.

Funksjonshemma

elevar, som etter sakkunnig vurdering (lege/psykolog) treng spesiell skyss, får dagleg skyss utan omsyn til minsteavstand.

Skade/sjukdom

Elevar som på grunn av skade eller sjukdom ikkje kan kome til skulen på vanleg måte, men som elles kan følgje undervisninga, kan i ekstraordinære høve få dekka utgiftene til skuleskyss. Legeattest må ligge føre, og det kan berre gjevast skyss for det tidsrommet legen meiner er naudsynt. Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.

Det må ikkje rekvirerast skuleskyss av dette slaget utan etter avtale med skulen.

Privat skyss

Elevar som bur slik til at dei ikkje kan gjere bruk av skulerute eller rutegåande transportmiddel, men som har rett på skuleskyss etter hovudregelen, kan få skyss­godtgjersle for bruk av privat skyssmiddel. Elevane må søkje om å få slik godt­gjersle. Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.

Utplassering

Elevar heimehøyrande i Sogn og Fjordane som går på skule i heimefylket, får etter søknad dekka reise-/bu utgifter ved utplassering i institusjon, dersom utplasseringa ifølgje fagplanen er obligatorisk. Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.

Søknadsfrist

Dersom eleven ikkje har meldt skysstrong eller sendt søknad om dekking av utgifter til privat skyss innan 1. september, taper ved­komande elev eventuell rett til skuleskyss/skyss-godtgjersle. Søknaden skal skrivast på eige skjema og sendast gjennom skulen.

Tips ein ven Skriv ut