Kringom

Skuleskyss

Bur du 6 km eller meir frå skulen har du rett på skuleskyss. Her finn du meir informasjon om skuleskyss for elevar i vidaregåande skule.

Du kan søkje om skyss via Vigo eller på https://skuleskyss.sfj.no . Også elevar som hadde skuleskyss i førre skuleår, må søkje.

Alle skuleskysskort for skuleåret 17/18 blir nullstilt i juni, og ønskjer du skuleskyss for neste skuleår må du søkje.
Utfyllande informasjon finn du på http://www.kringom.no/om-skuleskyss.461569.no.html

Om du mister skuleskysskortet må du kjøpe nytt. Det er verdt å merke seg at føresette til elevar under 18 år har eit økonomisk ansvar ved tap/bestilling av nytt skuleskysskort.

Tips ein ven Skriv ut