Firda vidaregåande skule/Om oss/Slik jobbar vi
Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Slik jobbar vi

Firda vgs sitt slagord er: «Firda-meir enn ein skule». Vi har som mål å vere ein skule med høg trivsel og gode resultat. Vi har dei siste åra arbeidd målretta med skulebasert kompetanseutvikling og vi har eit lærarkollegium med god fag- og relasjonskompetanse.

Firda  vgs skal ha ein tydeleg fagleg profil og bygge på ei vid forståing av læring. Skulen skal vere ein inkluderande danningsarena for alle, både elevar og tilsette.

Skulen sitt oppdrag er å legge til rette for læring og utvikling for kvar enkelte ungdom. I dette arbeidet er trivsel og gode relasjonar mellom elevar og tilsette eit viktig fundament. For å oppnå det har vi ei verdiplattform som er bygd på verdiane: Dialog, Ansvar, Mangfald og Meistring. 

Ambisjonane våre for deg som elev er at «alle skal gjennomføre med høgt læringsutbytte». Dette er konkretisert gjennom fylgjande tiltak:

  1. vise elevar tillit, respekt og ansvar

  2. arbeide for gode relasjonar i skulen

  3. legge til rette for eit godt klassemiljø

  4. utfordre elevar til aktiv deltaking i skulesamfunnet

  5. styrke samarbeidet med foreldre og føresette

  6. vidareutvikle open skule som tilbod til alle elevar

  7. ha planar og tiltak som er med og fremjar god helse

Visjon

 «Kunnskap og danning for framtida»

Slagord

 «Firda - meir enn ein skule»

Tips ein ven Skriv ut