Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/Språk, samfunnsfag og økonomi
Språkreise til Lubeck

Språk, samfunnsfag og økonomi

Språk, samfunnsfag og økonomi er eit stort programområde med mange ulike programfag. Firda vgs har lange tradisjonar for å fostre samfunnsmedvitne og engasjerte elevar. Her kan du få nyttig kunnskap som legg grunnlaget for ei djupare forståing av samfunnet og verda rundt deg, og som gir deg verktøy til å delta aktivt i samfunnsdebatten og å påverke framtida.

Programfag - Språk, samfunnsfag og økonomi

På Firda vgs kan du velje mellom ei rekke fag og fagkombinasjonar. Det er ikkje muleg å tilby alle fag innanfor dette programområdet, men vi ønskjer å leggje til rette for at elevane skal få ta dei vala dei ønskjer. Ut ifrå elevønskjer og ressurssituasjon må vi ta atterhald om at det kan kome endringar. Her kan du lese meir om dei ulike programfaga. Alle programfaga har eit omfang på 5 timar i veke.


Engelsk programfag på vg2 og vg3:

Sjølv om enkelte elevar føler at dei er gode nok i engelsk etter vg1, finst det mange grunnar til å velje engelsk programfag på vg2 og vg3. Uansett kva framtidsplanar du har, kjem du sikkert å ha dagleg kontakt med engelsk – ikkje berre på fritida, men også gjennom studiar og arbeidsliv. Når du går vidare med høgare utdanning kjem du til å lese mykje faglitteratur på engelsk og undervisninga kan delvis vere på engelsk. Mange vel å ta delar av utdanninga si utanlands – viss det kan vere aktuelt for deg treng du solide engelskkunnskapar. Også her heime aukar behovet for å kunne engelsk flytande: mange norske bedrifter som t.d. Hydro og Statoil bruker engelsk som arbeidsspråk. Ved å velje engelsk programfag og dermed forbetre den munnlege og skriftlege kompetansen din, gjer du altså ei god investering i framtida di.

På vg2 tilbyr vi programfaget Internasjonal engelsk med tema som internasjonale media og nyhende, utdanning og arbeid i utlandet, internasjonale utfordringar, og kulturforståing. Eit viktig mål er å lære korleis vi kan kommunisere på tvers av forskjellige kulturar og verdigrunnlag. Vi jobbar med litteratur og film frå heile den engelskspråklige verden. Du skal og ha eit større fordypningsarbeid frå engelsk eller eit anna fag – her kan realister og samfunnsvitarar jobbe med sine interessa.

På vg3 står valet mellom Samfunnsfagleg engelsk og Engelskspråkleg litteratur og kultur. I Samfunnsfagleg engelsk får du sjansen til å følgje med på globale nyhende og konfliktar, lære om dei politiske systema i USA og Storbritannia, studere amerikansk og britisk historie og lære om aktuelle samfunnsspørsmål i begge landa. I Engelskspråkleg litteratur og kultur lærer du om ulike litterære periodar, som Renessansen og Shakespeare til i dag. Du får lese mykje litteratur og tolke tekstane. Du lærer og å diskutere og tolke anna kultur, som kunst og film. Tilbake til programfag


Politikk og menneskerettar

Likar du å sjå debattar på tv om ulike emne som du er engasjert i? Eller føretrekkjer du papiraviser eller nettaviser? Er du i det heile tatt eit «politisk individ» som har sterke meiningar om nasjonale og internasjonale saker, som ønskjer forandring, men manglar innsikt? Liker du å diskutere? Då er faget Politikk og menneskerettar noko for deg.

Faget Politikk og menneskerettar hjelper deg til å forstå verda som kanskje fortoner seg kaotisk for deg. No får du høve til å fordjupe deg i både nasjonal og internasjonal politikk. Men faget krev også at du er interessert i stoffet, at du er engasjert og at du også les annan litteratur enn berre læreboka. På det viset kan du utdjupe og forklare meir for dine medelevar kvifor ting er som dei er, og tv-programma som du såg og avisene som du las blir lettare å forstå. Men du må vere engasjert! Vi arbeider med mange aktuelle problemstillingar innanfor mange forskjellige emne som omhandlar internasjonal -og nasjonal politikk, t.d. internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, tryggleik og fred, om styringsorgana Norge-lokalt og nasjonalt , dei politiske partia: likskapar og skilnader og media si rolle som politisk aktør.

Arbeidsmåten i faget varierer, frå individuelt arbeid til arbeid i grupper, diskusjonar, sjå på relevante tv-program, delta på seminar, få besøk av ressurspersonar, vere deltakar på Europeisk Ungdomsparlament sine seminar; ein møteplass for politisk engasjert ungdom frå heile landet. Og kjeldene ein nyttar kan t.d. vere lærebøker, artiklar frå aviser og fagtidsskrift, internett og diverse medium.

Programfaget Politikk og menneskerettar  går over eitt år. Faget har fem timar i veka på vg3-nivå. Elevane får standpunktkarakter, og kan kome opp til eksamen, anten munnleg eller skriftleg. Ein kan også studere faget på universitet og høgskular. Då kan dei ha namn som statsvitskap, eller samanliknande politikk.

Faget kvalifiserer til ulike jobbar i stat, kommune eller i privat næringsliv. Tilbake til programfag


Sosiologi og sosialantropologi

Er du nysgjerrig? Har du lyst til å undersøke om verda kunne tenkjast å vere annleis enn det du først trudde? Liker du å diskutere?

Korleis lever menneska saman i eit samfunn? Kva bestemmer menneska si atferd og viktige val i livet? Og kva bestemmer handlingane og haldningane våre? Kvifor vert nokre menneske kriminelle og andre ikkje? På kva slags vis påverkar ulike media kvardagen og haldningane våre? Kva verknad har den sosiale bakgrunnen og oppveksten for kva utdanning ein vel?

Dette er bare nokre av dei spørsmåla vi undersøker og diskuterer i faget sosiologi og sosialantropologi, eit programfag der du lærer meir om forholdet mellom individ og grupper i eit samfunn.

Vi arbeider med aktuelle problemstillingar innanfor mange forskjellige emne som f.eks. sosialisering og normer, media og kommunikasjon, kriminalitet, kulturforståing og integrasjon, sosial ulikskap og fordeling av gode, velferd og ideologiar, arbeidsliv og produksjon, kjønn og likestilling.

Vi arbeider både individuelt og i grupper og med prosjekt. Og kjeldene ein nyttar kan t.d. vere lærebøker, artiklar frå aviser og fagtidsskrift, internett og diverse medium.

Programfaget Sosiologi og sosialantropologi går over eitt år, då får ein standpunktkarakter. I nokre tilfelle kan ein verte trekt ut til munnleg eksamen. Ein kan også studere sosiologi og sosialantropologi som to separate fag på universitet og høgskular. Tilbake til programfag

Erling Sande

 

Erling Sande (elev på Firda 1994-1997)
Stortingsrepresentant 2005-2013
Cand.mag i historie, samfunnsgeografi og samannliknande politikk

 

- Det var i løpet av Firda-tida at eg for alvor vart samfunnsengasjert. Gjennom samfunnsfagleg fordjupning med engasjerte lærarar – og diskusjonar med medelevar fekk eg kunnskap som har vore svært viktig for meg seinare. Men langt viktigare: som elev på det som no er studie-spesialiserande på Firda vart eg saman med elevar på andre studie-retningar ein del av eit kreativt miljø, hadde utrulig mykje moro både i og etter skuletid og knytte venskap som kjem til å vare livet ut!

 


Psykologi 1 og 2

Programfaget psykologi er et allmenndannende fag, og psykologisk grunnforståelse er sentralt i de fleste samfunnsmessige og mellommenneskelige sammenhenger. Programfaget skal gi en innføring i sentrale psykologiske emner og gi en orientering om viktige psykologiske forsknings- og anvendelsesområder og trekk ved den moderne psykologiens historie. Psykisk helse er i fokus både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og programfaget har som mål å gi basiskunnskaper om hva som hemmer og fremmer psykisk helse.

Opplæringen skal bidra til å stimulere den enkelte til å tenke, forstå og reflektere over samspillet mellom individ og samfunn i et livslangt perspektiv og gi den enkelte økt forståelse, respekt og toleranse uavhengig av kultur og bakgrunn.Programfaget skal bidra til utvikle evne til samarbeid, kreativitet og analytisk refleksjon. Videre skal det bidra til kunnskap om begreper, modeller og teorier i psykologien som grunnlag for å utvikle egen og andres tenkning. Opplæringen skal åpne for bruk av varierte læringsarenaer og læringsstrategier. Programfaget skal utvikle kompetanse som kan danne grunnlag for deltakelse i samfunns - og yrkesliv og for videre studier. Faget gir anledning til tverrfaglig perspektiv og tverrfaglig samarbeid.

Psykologi 1 tar føre seg utviklingspykologi. Psykologi 2 har meir fokus på sosialpsykologi. Tilbake til programfag


Medie- og informasjonskunnskap 1 og 2

Programfaget skal medverke til at den einskilde skal kunne uttrykkje eigne meiningar og delta aktivt i demokratiske prosessar. Media har mykje å seie for kulturell identitet hos individ og grupper, og programfaget kan medverke til å skape medvit om samanhengar mellom medium og identitet. I mange yrke er det viktig å ha kunnskap om og innsikt i den rolla media spelar i samfunnet. Programfaget skal medverke til sjølvinnsikt og danning, og kan dermed vere ein god basis både for yrkesliv og studium ved høgskular og universitet.I dette programfaget er det viktig å kunne finne, ta imot, handtere, integrere og evaluere informasjon som basis for vidare arbeid med eigne uttrykksformer i tekst-, lyd- og bildemedium og kombinasjonar av desse.

I opplæringa skal det difor leggjast til rette både for diskusjon av etiske spørsmål og utvikling av estetisk sans, og for opplevingar og kreativ utfalding. For å knyte saman desse ulike sidene ved programfaget skal det leggjast vekt på medieproduksjon og journalistisk metode. Opplæringa bør ta utgangspunkt i den einskilde som aktiv og interessert mediebrukar og leggje vekt på å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre. 
(Frå læreplanen, Formål for faget.) Tilbake til programfag.


Klima- og miljøfag

Firda vidaregåande skule gjev som einaste skule i landet tilbod om programfaget klima- og miljøfag, eit fag som tek for seg dei store klima- og miljøutfordringane i verda. Faget inneheld mellom anna klimapolitikk, klimatilpassing, tap av biologisk mangfald («den sjette utryddinga»), korleis næringslivet møter det grøne skiftet, korleis privat forbruk og åtferd påverkar verda, berekraftig utvikling, og korleis ulike vitskapstradisjonar verker saman om desse problema. Elevane deltek på ekskursjonar, møter lokalt næringsliv, og får lære av ulike fagfolk utanfor skulen.

Klima- og miljøfag høyrer til samfunnsfaga. Per i dag er det berre eitt fag, og ein kan difor ikkje få fordjuping, men vi vonar å kunne tilby klima- og miljøfag 2 om kort tid. Søknad om godkjenning av læreplan og forsøksordning for klima- og miljøfag 2 ligger til handsaming hos Utdanningsdirektoratet.

Tilbodet om klima- og miljøfag er foreløpig ei forsøksordning som går over to år. Høgskulen på Vestlandet bidreg også i evalueringa av forsøket. Etter at forsøkperioden er over vil Utdanningsdirektoratet avgjere om faget får leve vidare eller ikkje

Tilbake til programfag.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Maria Svenfelt Fagkoordinator, språk maria.svenfelt@sfj.no
415 06 785

Relaterte lenker