Firda vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Studiespesialisering
Newtonrommet

Studiespesialisering

Utdanningsprogram for studiespesialisering passer godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, fremmandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule.

Studieførebuande utdanningsprogram ved Firda vgs

Studiespesialiserande utdanningsprogram legg eit solid grunnlaget for vidare studier på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet. Her på Firda har ein bore fram mang ein person som har markert seg, både på Firda, i lokalsamfunnet og på landsbasis. No er det din tur til å sette dine spor. Firda vgs skal gje deg grunnlaget for å utnytte ditt potensiale.

Utdanningsprogrammet gjev det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og programfag.

Generell studiekompetanse gjev grunnlag for opptak til dei fleste studium ved høgskular og universitet. For opptak til visse studium som t.d. lege, tannlege, veterinær eller ingeniør er det spesielle krav, med fordjuping i matematikk og/eller andre realfag. Les meir om generell studiekompetanse og spesielle krav her.

Første året er alle faga fellesfag, det vil seie at du normalt ikkje kan velje mellom fag. Andre og tredje året skal du velje programfag med fordjuping innan eitt av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Det er eit krav at du vel minst to programfag frå eit av programområda til fordjupning over to år. Som eit tredje programfag kan du velje fritt frå dei andre programfaga skulen tilbyr, også frå andre studieførebuande utdanningsprogram. I tabellen under ser du kva fag vi normalt tilbyr ved Firda vgs. Det er fleire faktorar som vil avgjere kva fag som blir starta opp kvart år, mellom anna økonomi, tilgjengeleg fagkompetanse og elevønskjer. Du finn meir informasjon om dei ulike faga under Realfag og Språk, samfunn og økonomi.

Realfag Språk, samfunn og økonomi Idrettsfag
Matematikk R Engelsk Breddeidrett
Fysikk Sosiologi og sosialantropologi
Politikk og menneskerettar
Toppidrett
Kjemi Psykologi Friluftsliv
Biologi Medie og informasjonskunnskap  
  Klima og miljøfag*  

* Forsøksordning ved Firda vgs 2016-2018

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang med studieførebuande utdanningsprogram får du studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag på vidaregåande. Dette finner du informasjon om på www.samordnaopptak.no. For mange studie er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfagene du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Det er viktig å følgje med på endringar som kjem framover, legg derfor spesielt merke til informasjonen på denne sida: http://www.samordnaopptak.no/info/om/lover-og-regler/kommende-endringer/

 

 

 


 
Tips ein ven Skriv ut