Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Praktisk informasjon»Utdanningsval
Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Utdanningsval / Hospitering

Måndag 6. og tysdag 7. mars er det hospiteringsdagar for 9. klassingar. Då får de høve til å bli kjent med dei ulike utdanningsprogramma som de ser lista opp lenger ned på sida.

Begge dagane startar vi kl. 10.15 og sluttar kl. 14.30.

Måndagen er det oppmøte i kultursalen (Trivselshagen). Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.

Tysdagen møter de slik det er oppsett på timeplanen for dagen.
Timeplanane for dei aktuelle utdanningsporgamma finn de på denne sida frå og med måndag 27. mars.
Ta planane med på skulebesøket.

Timeplan for hospiteringsdagane:

Hugs

  • Dei som skal på idrett, dans eller drama må ha med seg treningsklede.
  • Dei som skal på musikk kan godt ha med seg instrument dersom dei er bærbare.
  • Det må også kome fram av påmeldinga om elevane det gjeld ønskjer musikklinja eller danselinja eller dramalinja.

Mat

  • Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Her vert det høve for elevane å kjøpe god og billeg mat.
  • Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat på personalrommet/studierommet. 

Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under hospiteringsdagane.  

Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med: 

Turid Korterud
Tlf. 57825352/41530882
E-post: turid.korterud@sfj.no 

Vi ønskjer dykk velkomne til Firda vidaregåande skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.

Tips ein ven Skriv ut