Firda vidaregåande skule»Elev og føresett»Eksamen»Uttrekk til eksamen

Uttrekk til eksamen

Rektor trekk ut elevar til eksamen på alle trinn, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen, etter reglement fastsatt av Utdanningsdirektoratet.

Sentralt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert satt av Utdanningsdirektoratet.

Lokalt gitt eksamen: dato for offentliggjering vert satt av Sogn og fjordane fylkeskommune.

Varsel

Elevane skal få melding om kva fag dei skal prøvast i 48 timer før dei skal opp til lokalt gitt eksamen i et trekkfag.

Der Utdanningsdirektoratet eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har fastsatt felles eksamensdato og -tidspunkt, blir det fastsatt av rektor.

Trekkordning - studieførebuande utdanningsprogram

Vg1

Omlag 20 % av elevane skal trekkast ut til eksamen i eit fag: skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. I enkelte læreplanar kan elevane bli trekt ut i både skriftleg og munnleg.

Vg2

Alle elevar skal trekkast ut til eksamen i eit fag: skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. I enkelte læreplanar kan elevane bli trekt ut i både skriftleg og munnleg.

Vg3

  • Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
  • Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.

    

Trekkordning - studiespesialiserande vg3 (4 eksamen)

  • Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • I tillegg skal elevane på studiespesialiserande trekkast ut til skriftleg eksamen i to fag
  • I tillegg skal elevane trekkast ut til ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen

Trekkordning - idrett vg3 (4 eksamen)

  • Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • Elevene på idrett skal i tillegg trekkast ut til eksamen i tre fag, skriftlig, muntlig eller muntlig-praktisk.
  • Minst eit trekkfag skal være innen programområde for idrettsfag

Trekkording - musikk, dans og drama (4 eksamen)

  • Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • Elevene skal trekkes ut til eksamen i to fag, skriftlig, muntlig eller muntlig-praktisk.

I tillegg skal elevene opp til én obligatorisk muntlig-praktisk eksamen i fag innen programområdene for musikk, dans eller drama.

Trekkordning - Yrkesfaglege utdanningsprogram

Vg1 og Vg2

  • Alle elevar på Vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.
  • I tillegg skal ca. 20 % av elevane på Vg1 og Vg2 trekkast ut til eksamen i eit fag. Andelen på 20 % skal sjåast over ein to-års periode.

Vg3

Trekkordning - Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 (3 eksamen)

  • Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
  • Elever med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkes ut i andre fag.
  • I tillegg til den obligatoriske eksamenen skal elevane trekkast ut til ein skriftleg eksamen, og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

Trekkordning - Studieførebuande Vg3 innan naturbruk

  • Alle elevar skal opp til ein obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål og ein obligatorisk eksamen i felles programfag innan naturbruk
  • Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
  • Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
  • I tillegg til dei to obligatoriske eksamenane, skal elevane trekkast ut til eksamen i ytterligere eitt fag.

Trekkordning - Utdanningsprogram for naturbruk, Vg3, landbruk

  • Alle elevar skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i dei felles programfaga.
  • I tillegg skal elevane trekkast ut til eksamen i eit valfritt programfag.

Der Utdanningsdirektoratet eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har fastsatt felles eksamensdato og -tidspunkt, blir det fastsatt av rektor.

Tips ein ven Skriv ut