Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring

Vidaregåande opplæring for vaksne

Vil-Bli-logo

Har du rett til vidaregåande opplæring for vaksne?

  • Frå 01.08.2008 har vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år.
  • Retten gjeld òg deg som er innvandrar med opphaldsløyve, og som ikkje har fullført tilsvarande vidaregåande opplæring i heimlandet.
  • Dersom du er vaksen og teken inn til vidaregåande opplæring, har du rett til å fullføre opplæringsløpet (fullføringsrett). Det gjeld anten du har vaksenrett eller ikkje.

Kva har du rett på?

  • Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
  • Du har rett på opplæring som er på dei vaksne sine premissar.
  • Du har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen kunnskap og røynsle.

Realkompetanse – kva er det? 

  • Realkompetanse er den kompetansen vaksne har opparbeidd seg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l. 
  • Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag i vidaregåande opplæring. Ei vurdering av realkompetanse er likeverdig med ein standpunktkarakter.

Kva kan vi hjelpe deg med?

  • Informasjon om vaksenopplæring
  • Vurdering av tidlegare utdanning.
  • Utfylling av søknad om opplæring
  • Utfylling av søknad om realkompetansevurdering

Kven betaler?

  • Opplæringa er gratis.
  • Læremiddel er gratis etter tilsvarande retningslinjer som for elevar (gjeld alle frå hausten 2009).
  • Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett.
  • Du kan søkje Statens lånekasse for utdanning om støtte.

På heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune finn du meir informasjon om vaksenopplæring

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Magne Larsen Utviklingsleiar Magne.Larsen@sfj.no
415 30 887