Firda vidaregåande skule
Karnilstunet

Karnilstunet

2musikk inviterer til vårkonsert

Torsdag 4.mai, kl 19.00 inviterer 2musikk til vårkonsert i Karnils.

Vårkonsert med songarar, blåsarar og pianister!
Karnilstunet legg ei fin ramme rundt eit flott program som elevane i 2 musikk kjem til å presentere.
Programmet inneheld mykje musikk frå operalitteraturen, et par duetter og også instrumentalmusikk. Det blir arier frå operalitteraturen som til dømes " O mio babbino caro og "Mein Herr Marquis" Kjende arier frå Händel sine operaer og musikaler er representert. Til å binde saman alle sangarane vert det også solostykker av blåsarane våre og pianister

Vi kan love mykje musikk av elevar på eit allerede høgt nivå. Finveret er på veg, så då er det bare å ta turen til Karnils torsdag kveld 4.mai kl 19.

Billett kr 100.- til å dekke utgifter

Tips ein ven Skriv ut