Firda vidaregåande skule
3idrett på La Santa

3idrett på La Santa

3idrett på La Santa

Det har blitt fast tradisjon for 3.klasse på idrettsfag å reise på ei vekes treningsleir til Club La Santa på Lanzarote. Saman med lærarane Ingmar Sægrov og Ole Morten Mardal har 3idrett no hatt ei fantastisk veke på La Santa. De finn bilete og korte dagsrapportar på Facebook-sida vår; https://www.facebook.com/Firdavgs/

Dei har jobba og spart til turen i tre år. Dugnadsarbeid og ei lang rekke arrangement som klassa har stått bak har lagt grunnlaget for turen. På Club La Santa får dei ei veke fullspekka med trening og sosiale aktivitetar. Dei kan velje får "menyen" mellom ei lang rekke ulike aktivitetar kvar dag, frå tidleg morgon til langt på kveld. Elevane får høve til å trene på sin eigen idrett og dei kan trene alternativt og variert med både kjente og heilt ukjente aktivitetar, idretter og treningsformer. Dei som er spesielt interessert kan sjå "vekemenyen" elevane kan velje frå på denne lenka: http://www.clublasanta.com/media/729387/wp-uk_actual.pdf

Vi håper 3idrett får ei fantastisk veke på La Santa, og håper dei har tid til å sende oss oppdateringar og bilete frå turen.
Dagsrapportar og bilete legg vi ut på Facebook: https://www.facebook.com/Firdavgs/

Tips ein ven Skriv ut