Musikalen Hair

Musikalen Hair!

Gjer deg klar for ein rockemusikal du seint vil gløyme. Musikk, dans og drama ved Firda videregåande skule set opp musikalen Hair frå 1967. Førestillinga vert vist i Kultursalen i Trivselshagen, Sandane fredag 15.februar kl. 18:00 og laurdag 16.februar kl.16:00.

Hair fortel historia om «Stammen», ei gruppe politisk aktive, langhåra hippiar. Dei lever eit fritt liv i New York og yter motstand mot den amerikanske verneplikta som sender unge menn i Vietnamkrigen. Claude kjem frå bygda og mellomlandar i New York på veg til ein militærleir etter å ha verva seg til krigsteneste. I New York møter han hippien Berger og hans venegjeng, og ikkje minst møter han overklassejenta Sheila. Desse unge menneska slit med å finne balansen mellom ungdomstid, kjærleik og den seksuelle frigjeringen på den eine sida, og opprør mot krigen, konservative foreldre og samfunn på den andre sida. Til sist må Claude ta stilling til om han av samvitsgrunnar skal la vere å dra ut i krigen, eller gi etter for presset frå foreldra og styresmaktene ved å dra til Vietnam.

Manus og songtekstar til musikalen er skrivne av James Rado og Geromie Ragni og musikken er komponert av Galt McDermot. Musikalen er eit produkt av hippirørsla som motkultur og den seksuelle revolusjonen på 1960-talet. Fleire av songane har i seinare tid blitt brukt av fredsrørsla.

Musikalen vert vist i Kultursalen på Sandane fredag 15.februar kl 18:00 og laurdag 16.februar kl 16:00.

Tips ein ven Skriv ut