
Abelkonkurransen
Abelkonkurransen
Torsdag 10. november arrangerte vi første runde av Abelkonkurransen på Firda vgs. Vi kjem med resultat så snart dei er klare.
Abelkonkurransen er ein nasjonal konkurranse i matematisk problemløysing, og er kvalifiserande for den internasjonale matematikkolymiaden.
Første runde vert arrangert på skulane. Elevar som ønskjer å vere med må gje beskjed til sin matematikklærar.
Firda vgs har tradisjon for å hevde seg godt i denne konkurransen, så vi håper mange blir med og ønskjer deltakarane lykke til.