adventskonserten 2016

fotografhansgrasli.no

Adventskonsert

Musikklinja inviterer til adventskonsert i Vereide kykrje fredag 1.desember, kl 19.00

Tradisjonen tro inviterer elevane ved musikklinja på Firda VGS adventskonsert første fredagen i desember. Ein kan trygt seie at det har vorte ein god adventstradisjon å fylle Vereide kyrkje med unge musikarar frå Firda, publikum og god musikk.

Tek du turen til kyrkja fredag 1. desember kl. 19, får du som vanleg høyre eit variert program, med mellom anna klassisk musikk, folketonar, og naturlegvis kjende juletonar i både gamal og ny drakt. Ein får høyre både songarar og instrument av mange slag, mellom anna marimba, piano og messingblåsarar, og det vert spelt på mange strenger.

Så, ta turen til Vereide kyrkje og nyt musikken og framføring av elever på høgt nivå frå heile fylket.

Inngang:
Vaksne kr 150.- barn og Firda elever gratis!
Billetter kan kjøpast på trivselshagen.no og i døra.

Tips ein ven Skriv ut