Firda vidaregåande skule
adventskonsert 2017

Foto: Ole Johannes Øvretveit, Firda

Adventskonsert

Musikklinja inviterer til adventskonsert i Vereide kyrkje fredag 7.12, kl 19.00

For 40 år sidan starta Musikklinja ved Firda vidaregåande skule. Eit jubileum som vi markere på ulikt vis i løpet av skuleåret.
Fredag 7.des held Musikklinja sin årlege ADVENTSKONSERT i Vereide kyrkje KL 1900

Ein kan trygt seie at det har vorte ein god adventstradisjon å fylle Vereide kyrkje med unge musikarar frå Firda, publikum og god musikk. I år vert den også ein del av 40 årsmarkeringa til musikklinja

Tek du turen til kyrkja fredag 7. desember kl. 19, får du som vanleg høyre eit variert program, med mellom anna klassisk musikk, folketonar, og naturlegvis kjende juletonar i både gamal og ny drakt. Ein får høyre både songarar og instrument av mange slag, mellom anna marimba, piano og messingblåsarar, og sjølvsagt Musikklinjekoret
Så ta turen til Vereide kyrkje og nyt musikken og framføring av elever på høgt nivå frå heile fylket.

Velkommen.

Vaksne kr 150.- barn og Firda elever gratis!

Billetter på www.trivselshagen.no og i døra med vipps / kort

Tips ein ven Skriv ut