Firda vidaregåande skule
Dramaforestilling 30.mars

Dramaforestilling 30.mars

Alice vender tilbake

2.drama inviterer til familieframsyning med humoristisk eventyr.

Torsdag 30.mars, kl 19.00
 

I familieframsyninga «Alice vender tilbake», møter vi den litt spesielle Filurkatten som vil fortelje eventyr. Men han manglar ein god start, og det må jo alle eventyr ha. Ute i skogen dukkar jenta Sofie opp. Filurkatten synest det ser ut til at Sofie kunne trengt eit eventyr, så han nyttar sjansen og byrjar med «Det var ein gong ei jente, som heitte Sofie..» og vips, så er eventyret i gong. Ute i skogen dukkar også Alice opp. Alice, kjend frå «Alice i Eventyrland», er no blitt vaksen og lengtar tilbake. Ho er lei av vekedagar og tjas og mas. Problemet er berre at ho ikkje kan finne det riktige kaninholet!
Ved hjelp av Sofie finn dei etter kvart både den stressa Kanina og kaninholet, men vel tilbake i Eventyrland oppdagar dei fort at ikkje alt er som det skal. Det er blitt eit Nei-Nei-land og saman med Filurkatten må dei finne ut kva dette dreier seg om og redde Eventyrland frå Hjarterdronninga.
Klarar Sofie å komme seg til rota av tingene? Finn ho det det dreiar seg om?

2.drama gledar seg til å vise publikum eit humoristisk eventyr med kjende figurar både frå eventyret om Alice i Eventyrland samt frå våre eigne norske eventyr.

Tid: Torsdag 30.mars, kl 19.00
Stad: Dramasalen i Trivselshagen
Pris: 50,- for barn og 100 for vaksne. Billetsal i kiosken.

Vel møtt!

Tips ein ven Skriv ut