Status for Atløysambandet

Atløysambandet skal avløyse ferjestrekninga Askvoll - Gjervik i Askvoll kommune. Prosjektkostnad for bru over Prestøy med seglingshøgde 42 meter er rekna til 1045 mill. 2018-kr. 

Kommunal - og moderniseringsdepartementet (KMD) har stadfest at prosjektet er førehandsgodkjent som ferjeavløysingsprosjekt. Før det kan sendast endeleg søknad om ferjeavløysing må det føreligge godkjent reguleringsplan med eit kostnadsoverslag op +/- 10 prosent. I sak om planleggingsprogram  for fylkesvegprosjekt 2019 - 2021 gjorde Fylkestinget vedtak om at arbeidet med reguleringsplan for Atløysambandet vert starte opp i 2019 med fullføring innan 2021.

For prosjekt med kostnadsramme over 750 mill.kr må det i følgje retningslinene for ferjeavløysing gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslaget og styringsunderlag. Eindeleg søknad om ferjeavløysing for Atløysambandet kan tidlegast vurderast når reguleringsplan for prosjektet er godkjent og ekstern kvalitetssikring er gjennomført.

KMD har i brev datert 04.05.2018 kome med overslag på kva Atløysambandet kan utløyse i årlege ferjeavløysingsmidlar ut frå gjeldande kostnadsnøklar i inntektssystemet. Dette beløper er rekna til 27,8 mill.kr årleg, eit beløp som vil utbetalast til fylkeskommunen årleg i 23 år.

Statens vegvesen opplyser at trafikkinntekt ene frå ferjesambandet Askvoll - Gjervik er om lag 4,2 mill. kr årleg og at fylkeskommunen sine kostnader (utgifter minus billettinntekter) til drift av sambandet ligg i området 17,5 - 20,5 mill. kr. Dette vil variere noko frå år til år ut frå forhold i kontrakt ( klassing mv).

Figuren under viser årleg finansieringsutfordring i ferjeavløysingspreioden. Modellen syner at den samla finansieringsutfordringa for Atløysambandet vil vere 370 mill.kr. Dei blå søylene viser til årlege driftsmidlar. Dei siste tre åra av ordninga vil fylkeskommunen få utbetalt rein netto frå ferjeavløysingsordninga, medan fylkeskommunen må ta store årlege utgifter i starten av perioden: 

Fastlandssambandet for Atløy, kostnadsoverslag og vurdering av alternativ (rapport frå 2012)

Rapport med oppdaterte kostnadsoverslag 19.01.17

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00