Firda vidaregåande skule
Bilete syner ein del av skulebygningen

1030700980

Beredskapsøving på Fosshaugane Campus

Torsdag 14. mars kl 16.00 - 19.30 vil det vere politi, brannmannskap og ambulanse i uttrykking, på og i nærleiken av Fosshaugane Campus i Sogndal.

Politi og hjelpemannskap skal øve scenario innan pågåande, livstrugande vald (PLIVO). Det handlar om samarbeidet mellom naudetatane ved tilsikta hendingar som mellom anna terrorisme og sjølvdestruktive handlingar med bruk av vald mot andre.

Vi gjer publikum merksame på at det kan bli sterke inntrykk, og foreldre/ føresette bør informere born og unge om at dette berre er ei øving.
Det er ikkje ynskjeleg med tilskodarar under øvinga.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball samarbeider om beredskapsøvinga. Øvinga er todelt, på dagtid vert det ei diskusjonsøving for dei involverte partane, samt øvinga  for naudetatane på ettermiddagen. 

Sogndal idrettshall og symjehallen vil verte stengt for publikum frå kl. 11 og ut dagen. Parkeringa rundt Sogndal vidaregåande skule vil verte stengt frå kl.15.

Ved eventuelle spørsmål i forkant eller undervegs i øvinga, kontakt Politiet v/ Arne Johannessen (tlf: 92896461), eller fylkeskommunen v/ Kristin Rundsveen (tlf: 90890713).

Fakta

  • PLIVO er ei forkorting for «pågåande livstrugande vald»
  • I 2015 vart det gitt ut ein felles nasjonal prosedyre for å handtere denne typen hendingar, og for å sikre nødvendig samarbeid mellom naudetatane og på tvers av distrikt.
  • Prosedyren skal bidra til forbetre nasjonal beredskap for å kunne redde liv og avgrense skader ved hendingar der det utøvast pågåande livstruande vald mot fleire personar.
  • Prosedyren beskriver handlingsmønsteret når alle tre naudetatane er til stades, og korleis innsatspersonell frå brann og helse skal handle i situasjonar der politiet ikkje er på plass.
  • De første PLIVO-instruktørane for politi, brann og helse ble utdanna ved Politihøgskolen i 2015.

Kilde: Politihøgskolen

Tips ein ven Skriv ut