Firda vidaregåande skule
dramaforestilling

dramaforestilling fotografhansgrasli.no

Berre ei fyrstikk

Dramaelevane i 2.klasse imponerte stort med forestillinga "Berre ei fyrstikk"

Galleri

_FHG4746
_FHG4742
_FHG4753
_FHG4735
_FHG4732
_FHG4743

Foto: Hans Græsli

"Berre ei fyrstikk" byggjer på H.C. Andersen si kjente forteljing "Piken med svovelstikkene".

Elevane har arbeidd med framsyninga i dramatimane sidan oktober saman med dramalærar, Toril Hembre Runderheim. I tillegg til å øve inn framsyninga på scena, har elevane stått for marknadsføring, scenografi og kostyme.

Elevane leverte ei flott forestilling, med god stemning og dype tankar:
«Vi ynskjer å formidle god julestemning, men også gje publikum noko å tenkje på. Ikkje alle har det like godt i jula, eller elles i året, og ei lita handsrekning til dei som treng det kan vere viktigare enn ein kanskje skulle tru. Av og til er ei fyrstikk nok.»

Tips ein ven Skriv ut