Firda vidaregåande skule
Utveksling med Kiel haust 2018

Besøk frå Tyskland

Denne veka har Firda vgs besøk av 22 elevar frå Tyskland, og språk og kulturforståelse har vore ei naturleg og viktig del av både skule- og fritid denne veka.

Fredag 14. september kom 22 forventningsfulle tyske elevar i lag med lærarane sine til Sandane. Til vanleg går dei på Käthe-Kollwitz-Schule i Kiel i Tyskland, som Firda vgs har hatt eit utvekslingsprgram i lag med denne skulen sidan 2005.

Tyskarane skal vere her denne veka, delta i undervisninga, bruke Open skule og ikkje minst bu saman med sin norske vertselev frå tysk 1 og tysk 2. Lærarane har lage eit variert og spennande program, og det ser ut som at tyskarane likar seg svært godt på Firda og Sandane, og at dei ikkje har tatt skrekken verken av vêr eller vind.

Tips ein ven Skriv ut