bronselaget MVGS 2019

Bronsemedalje i MVGS

Imponerande 3.plass til Firda-laget i volleyball-NM for vidaregåande skuler

Mix-laget frå Firda har i helga vore i Bodø på MVGS, skulemeisterskap for VGS og FHS. Laget består av Anna Igland, Andrine Midtbø, Malene Myklebust Hauge, Elise Ngamcharoen Fitje, Simen Svarstad, Sander Almenning og Bent-André Midtbø. Dei fekk med seg tidligare firdaelev Bjarne Bergheim som lagleiar.

Laget kom på 2. plass i pulja og kvalifiserte seg etter kvart til bronsefinale. Denne vann dei og kom på ein imponerande 3. plass. Det er verdt å merke seg at laget tok eit overlegent sett mot vinnarlaget. Til samanlikning kom Firda sitt mix-lag på ein 9. plass i fjor.

Vi gratulerer!

Tips ein ven Skriv ut