Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Dagens gladmelding!

Ekstra klasse til Firda vgs frå hausten av

Hovudutval for oppvekst og kompetanse i Vestland fylkeskommune vedtok tysdag at Firda vidaregåande skule på Sandane skal tilførast ei halv klasse idrett og ei halv klasse studiespesialiserande komande skuleår, i tillegg til det tidlegare utlyste opplæringstilbodet. Då ser det ut til at alle som har søkt studiespesialiserande eller idrett som første val, vil få mogelegheit til å byrje på Firda vgs. No gler vi oss til å ta i mot eit stort kull ved skulen til hausten!