Danseforestilling 9.november

Danseforestilling

Danselinja inviterer til danseforestilling den 9.november, kl 19.00.

Den 9.november er det tid for danselinja si årlege forestilling i Kultursalen.

Her vert det vist eit utval koreografiar som elevane har arbeidd med i haust, både sjølvlaga stykker og stykker som lærarane har koreografert. 
Forestillinga har ingen raud tråd, men viser breidda i dansesjangrar og stemningar som elevane får bryne seg på gjennom året. Flott lys til innslaga er laga av Kristian Sætren. Det er berre å glede seg til mykje flott dans på høgt nivå.

Vaksne: kr 150,-
Barn og elevar på Firda vgs gratis.

 

For meir informasjon og billettbestilling, sjå www.trivselshagen.no

Tips ein ven Skriv ut