Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Drama
Bilde frå Teaterfestivalen i Fjalar 2018

Bilde frå Teaterfestivalen i Fjalar 2018

Drama

Likar du å vere kreativ og samarbeide med andre? Tykkjer du det er spanande å fortelje ulike historier, utforske roller og skape teater med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg!

Vel du drama, vil du få utvikle kreativiteten din og du vil heile tida få nye utfordringar. Dramalina gir generell studiekompetanse, og gjer deg klar for framtida.

Nye undersøkingar slår fast at det er seks eigenskapar som avgjer om du får jobb i den digitale tidsalderen. Dette er evne til:

  • kommunikasjon
  • samarbeid
  • problemløysing
  • organisering
  • leiing
  • om du er nyfiken

Dette er evner og eigenskapar som blir stimulert gjennom dramafaga.
Faga stimulerer også til kritisk tenking og refleksjon, medvit kring deg sjølv og samfunnet.  

Om du vel å gå på dramalina, førebur vi deg til vidare utdanning innan kunstfag om du ønskjer det, eller vel å gå ei heilt anna retning. Vi har tidlegare elevar som etter vidaregåande har blitt advokatar, sjukepleiarar, forfattarar og lærarar, for å nemne noko. Samstundes har vi også elevar som i dag arbeider innan tv, drama og teater t.d. som skodespelarar, dramapedagogar og manusforfattarar. 

Velkomen som søkjar hos oss på dramalina! 

Frist for å søkje: 1. mars

Kontakt

Solfrid Bjørkum
Avdelingsleiar Musikk, dans, drama
Solfrid.Bjorkum@vlfk.no
Tlf: 959 72 169

Ingeborg Marie Stige
Fagkoordinator, drama
Ingeborg.marie.stige@vlfk.no
Tlf: 988 25 778