e-sport Firda

e-sport på Firda vgs

Firda vgs tilbyr e-sport også neste skuleår

I år har vi ved Firda vgs hatt eit pilotprosjekt med toppidrett e-sport. Dette tilbodet vil skulen vidareføre også neste skuleår. Med eit par små unntak, der det ikkje er mogleg reint timeplanmessig, vil alle skulens elevar kunne velje å ta dette faget.

E-sport er ein del av toppidrettsfaget som ligg under idrettsfag, og bygger på kompetansemåla som ligg i toppidrettsfaget. Den einaste forskjellen frå tilbodet på idrettslinja er at ein bytter ut den idretten ein ønskjer å utvikle ferdigheitane sine i med det spelet ein ønskjer å satse på innafor e-sport. Læreplanen i faget er bygget opp kring hovudtema treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. Sentralt i faget står analyse og planlegging, sentrale tema i samband med livsmeistring generelt og spesifikt i høve til å arbeide med å strukturere kvardagen med oppgåver, skulearbeid og speltrening. Fysisk trening, livsstil, kosthald og døgnrytme er ein vesentleg del av faget, i tillegg til at elevane får tid på skulen til å utvikle sine ferdigheiter i spel gjennom mykje speltrening. Det er viktig at elevane som vel dette faget er motivert for det, og av den grunn har skulen ein intern søknadsprosedyre for å kunne velje dette faget.

Skulen har kjøpt inn 16 gode gamingmaskinar som elevane kan nytte seg av. Det er og kjøpt inn VR-sett som kan nyttast i fleire fag og i ulike samanhengar. Til dømes har både danselinja, historiefaget og idrettslinja nytta seg av VR-settet i arbeidet med ulike tema i sine fag.  

Her kan du lese meir om faget toppidrett e-sport:

https://framtida.no/2019/07/16/fleire-skular-far-dataspel-som-programfag 

https://www.firdatidend.no/vi-laerer-a-balansere-livet/