lag-nm

Picasa

Edelt metall til vektløftarane

Elevar frå toppidrett vektløfting har henta heim edelt metall dei siste vekene. Det gror godt i vektløftarmiljøet og det er godt å sjå at det harde arbeidet dei legg ned syner igjen i gode resultat. 

Julia Jordanger Loen tok gull i nordisk meisterskap for junioe for to veker sida. Det er ein meget sterk prestasjon.

Førre helg var fleire i aksjon under lag-NM i vektløfting, der dei representerte vektløftargruppa i Breimsbygda idrettslag. Her vart det sølv til Emilie Kolseth Jensen, Nora Barstad, Julia Jordanger Loen og Sunniva Nyheim i klasse jenter ungdom. Jenter junior vann bronse, og på dette laget hadde vi med Firda-jentene Anna Wiik og Julia Jordanger Loen, i tillegg til tidlegare elev Vilde Sårheim.

Imponerande innsats av Firda-jentene, og vi gratulerer med metallet

Tips ein ven Skriv ut