Fellesbilete

Ekskursjon til Bergen med 2Fysikk og 2Kjemi

Denne veka var elevane som har kjemi og fysikk på besøk ved universitetet i Bergen, kor dei fekk ein introduksjon til universitetslivet.

 

På kjemisk institutt gjorde vi ei øving kor vi bestemte mengde natriumion i diverse kjøpevatn ved hjelp av atomabsorpsjonsspektrofotometer (AtomAbs).

På fysisk institutt fekk vi ein veldig spennande introduksjon til medisinsk fysikk, altså fysikken bak røntgen, CT, PET etc.

Mellom slaga rakk vi og litt «byvandring» og middag på restaurant, så vi håpar det var ein lærerik og spanande dag for elevane.

Bileta er frå besøket ved kjemisk institutt.

AtomAbs.JPG

 

 

flammeprøve.jpg

 

AtomAbs2.JPG

Tips ein ven Skriv ut