Firda vidaregåande skule
Bilde av pc-modell ein kan velge som elev-pc 2020

Elev-pc 2020/2021

06.07.2020 opnar vi for bestilling av elev-pc for komande skuleår.

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.

Siste frist for å bestille maskin for skuleåret 2020/2021:

For elevar i vidaregåande skule: 31.12.2020
For deltakarar i vaksenopplæringa: 31.03.2021

Maskinene blir i år levert av komplett.no og ein kan velge mellom tre modellar (to Windows-maskiner og ein Mac). Informasjon om ordninga og årets modellar finn du ved å gå inn på denne lenka: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/