Firda vidaregåande skule
Elevar i vidaregåande opplæring kan kjøpe rimeleg PC

Elevar i vidaregåande opplæring kan kjøpe rimeleg PC

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande opplæring må ha eigen datamaskin. Du kan kjøpe rimeleg PC gjennom fylkeskommunen. Dette tilbodet gjeld for nye vg1 elevar, elevar i innføringsklassar for minoritetsspråklege og deltakarar i vaksenopplæringa. Les meir om Elev-PC ordninga her.

Når ein skal bestille Elev-PC så er det viktig at eleven sjølv registrerer seg med riktig namn (viktig å passe på stavemåte og få med alle namn) og kontaktinfo. Bestillingane blir sjekka automatisk mot listene over elevar som har kome inn. Viss det er ein feilstaving/skrivefeil vil dette stoppe prosessen.

Meir info om Elev-PC-ordninga og bestilling finn du her.